- Dette er heilt fenomenalt. Her er det stinn brakke, heilt blå himmel, og heisen går som den skal, seier marknadssjefen.
- LES OGSÅ:
- Håper på mykje folk
Laurdag opna den nye seks-setar-stolheisen på Strandafjellet. Med det håper marknadssjefen å kunne drage endå meir folk til anlegget.
- LES OGSÅ:
- Me har forventning om at besøket vil auke på utover. Det er stor interesse for dette i området, landet og i Skandinavia, seier han.
- Opningstalen til Stranda-ordførar Frank Sve kan du lese nederst i artikkelen.
Størst høgdeforskjell
Den nye Roaldsheisen er ifølge anlegget
ein kombinasjon mellom stolheis og gondol. Til sommaren blir det kopla på gondolar, slik turistar og turgåarar også kan kome til toppstasjonen.Heisen har den største høgdeforskjellen frå topp til botn av nokon skiheiser i Skandinavia. Med 618 meter høgdeforskjell ligg det an til store opplevingar i anlegget.
- LES OGSÅ:
- Godt nøgde
Til opninga var det fullt i anlegget. For med strålande sol og blå himmel vart det akkurat så mykje trykk som arrangørane venta.
- Det har kome endå fleire enn me venta, så dette er ein stor dag, seier marknadssjef Skrede.