Hopp til innhold

Stor interesse for kornøl: – Vi må sjå på ølbrygginga som kultur

Med deltakarar frå Europa og USA, har Norsk Kornølfestival aldri hatt så mange besøkjande som denne helga. Festivalen blir rekna for å vere den einaste festivalen dedikert til tradisjonell gardsbrygging.

Terje Haugen fra Morgedal i Telemark demonstrerer brygging på morgedalsvis.

I Hornindal bryggjar folk framleis råøl på gamlemåten, og gjærar med gardsgjæren kveik som dei har arva frå far og farfar.

Foto: Lars Marius Garshol

I Hornindal i Volda kommune har det i helga vore fokus på øl og brygging. Ein eigen festival er sett av for å feire kornølet, ein type maltøl med lang tradisjon på Nordvestlandet.

Her bryggjar folk framleis råøl med einerlog på gamlemåten, og gjærar med kveik som dei har arva frå far og farfar. Ein av initiativtakarane til festivalen fortel at ølet er laga på ein spesiell måte.

– Kornøl er eit brygg som er bryggja på tradisjonelt vis, gjerne over open flamme, der ein bruker gardsgjæren kveik. Dette ølet er så spesielt, ikkje berre i Noreg, men på verdsbasis, seier Gard Mek.

Han fortel at kveiken er veldig ulik frå heilt vanleg ølgjær.

– Det kan gjære på mykje høgare temperatur, det gir ølet karakteristiske smakar og gjærar ut mykje raskare enn vanleg øl.

Kornøl på Norsk kornølfestival i 2018.

Kornøl frå festivalen i 2018. I år er det sjette gongen den er vorte arrangert.

Foto: Lars Marius Garshol

Auka i populæritet

Den urgamle ølgjæren har berre vorte bevart nokre få plassar rundt om på gardar i Noreg, og Hornindal er ein av dei plassane.

– Dette har vore det beste året til festivalen nokosinne, seier festivalleiar Vidar Skeie.

Ifølgje festivalleiinga har dei aldri selt så mange billettar før, og dei hadde mange fleire påmelde bryggjarar enn tidlegare år. Rundt 250 personar tok turen, og festivalleiing ser tydeleg at interessa for tradisjonsøl er stigande.

– Vi har verkeleg fått igjen for at vi arrangerte festival i fjor. Då sat vi og venta på om vi kunne halde festivalen, og etter gjenopninga hadde vi ei veke på å førebu oss før festivalen. Det hadde vore tungt viss det hadde gått tre sidan sist festival, seier Skeie.

Senterparti-politikar Jenny Klinge opna festivalen. Her saman med festivalleiar Vidar Skeie, og Jørund Geving som blei kåra til Noregs beste kornølbrygger.

Senterparti-politikar Jenny Klinge opna festivalen. Her saman med festivalleiar Vidar Skeie, og Jørund Geving som blei kåra til Noregs beste kornølbryggjar.

Foto: Lars Marius Garshol

Reklame i amerikansk storavis

Festivalen har fått merksemd utanlands òg. I 2019 presenterte den amerikanske storavisa New York Times Vestlandet som eitt av reisemåla dei anbefalte, og trekte fram Norsk kornølfestival.

– Det kom veldig uventa og var veldig kjekt, seier Gard Mek.

Denne helga har det vore besøkjande frå mellom anna Finland, Italia, Belgia, Frankrike, Bulgaria og USA på festivalen.

– Vi må sjå på ølbrygginga som kultur, og det handlar om formidling. Eg meiner dette er den viktigaste ølfestivalen i verda med tanke naturmangfald, seier festivalleiar Vidar Skeie.

Les også Kveika har tatt av i utlandet, men det norske opphavet er i ferd med å døy ut

Kveikøl som skal bli testa.

Liv og røre i hallen under Norsk Kornølfestival

God stemning på Norsk Kornølfestival.

Foto: Lars Marius Garshol

– Avhengig av aktive bryggjarar

Han fortel at på nettsida Untappd som gir brukarane moglegheit til å rangere øl, fekk han i februar 2020 opp 1500 treff på kveik. Denne veka var det over 3600 treff.

Det viser at det er mange ulike typar øl med kveik, så det tek heilt av. Den internasjonale interessa gjer at det er store moglegheiter for Hornindal og Sunnmøre når det kjem til turisme.

Jenny Klinge og Jørund Geving, som ble vinner av dommerkonkurransen under Norsk Kornølfestival

– Sidan eg sit i næringskomiteen på Stortinget frå Møre og Romsdal kjennest det viktig ut for meg å arbeide politisk for kveika, seier Senterparti-politikar Jenny Klinge. Her saman med Jørund Geving som blei kåra til Noregs beste kornølbryggjar.

Foto: Privat

Senterparti-politikar Jenny Klinge opna festivalen fredag og fekk møte bryggjarar.

Ho har blitt kjend med tradisjonen siste året, og seier ein er heilt avhengig av aktive bryggjarar som held fram med tradisjonen.

Eg er opptekne av naturmangfald, og tykkjer det er spennande at vi her til lands har område med ein avlskultur der kveika har vorte dyrka fram. Då kan vi ikkje la den døy ut heller. Ølbrygging er kulturarv, og når ein bryggjar med kveik er ein med på å halde ved like naturmangfaldet òg, seier Klinge.

Les også Spådde massedød av norske mikrobryggeri – men så snudde det

Alf Emil Paulsen i Juga Mikrobryggeri i Lakselv.