Hopp til innhold

Spådde massedød av norske mikrobryggeri – men så snudde det

Bryggeriforeningen spådde massenedlegging av norske mikrobryggeri. Det såg ut til å bli for mange på alt for kort tid. Det gjekk ikkje slik.

Alf Emil Paulsen i Juga Mikrobryggeri i Lakselv.

SJØSAMISK VRI: Alf Emil Paulsen driver Juga Mikrobryggeri saman med broren sin i Lakselv. Dei hentar inspirasjon til ølbrygginga frå sin sjøsamiske og kvenske bakgrunn.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Rundt 2017 eksploderte interessa for mikrobrygg, og talet på mikrobryggeri gjekk frå å vere ein handfull til over 150 på kort tid.

I 2018 uttalte Bryggeriforeningen at dei ikkje blei overraska om halvparten av alle mikrobryggeri var borte om to år.

No har to år gått. Det blei ingen massenedlegging.

Folk handlar lokalt

I eit lite tømmerhus i Lakselv møter vi brygger Alf Emil Paulsen. Etter mange år med ølbrygging som hobby, investerte han og broren i eit mikrobryggeri for tre år sidan.

– Lokalbefolkninga brukar oss aktivt. Eg har inntrykk av at det går mest i industriøl, men så kjem dei hit for å handle noko ekstra godt og spennande. Mange kjøper også ølet vårt for å ha det i kombinasjon med mat.

Det å bruke lokale tradisjonar til å utvikle særeigne produkt, ser ut til å vere ein fellesnemnar for alle dei ulike mikrobryggeria i Noreg.

– Eg har sjøsamisk og kvensk bakgrunn, så vi bruker ingrediensar som våre forfedrar har brukt før oss, sjølv om det ikkje nødvendigvis er brukt i øl. Vi er mykje ute i naturen og kan plutseleg komme over ein ingrediens som passar.

Dette kan vere alt frå moltebær og chaga til urter og tang.

Chaga som er ingredisens i øl som Juga Mikrobryggeri lager.

Chaga er noko Alf Emil Paulsen brukar mykje av i ølbrygginga. Det er ein sopp som veks på bjørketreet. Den gir god aroma til ølet og er full av antioksidantar.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Folk ønsker lokale spesialitetar

– Eg trur vi undervurderte kor lojale norske forbrukarar er. Folk har eit eigarskap til sitt lokale bryggeri, seier Hege Ramseng i Bryggeri- og Drikkevareforeningen.

Hege Ramseng i Bryggeri- og Drikkevareforeningen.

Hege Ramseng er kommunikasjonssjef i Bryggeri- og Drikkevareforeningen.

Foto: Bryggeri- og Drikkevareforeningen

Akkurat no har dei 135 medlemmar. Enkelte har dermed lagt inn årene, men spådommen har ikkje gått i oppfylling.

– Under koronakrisa har det faktisk ikkje vore ei einaste nedlegging. Folk har heller bretta opp ermene og funne på løysingar som heimkøyring av øl. Eg er verkeleg imponert over «stå-på»-vilja til medlemmane våre.

Øl som kulturformidlar

Hege Ramseng i Bryggeriforeningen meiner norske bryggeri er blant dei mest spennande i verda. Dette fordi bryggeria tek utgangspunkt i det som er særeige og lokalt.

– Dei dyrkar sine eigne stilar, finn nye vriar på gamle tradisjonar og er veldig innovative. Det er kanskje dette som gjer at norske bryggeri klarar seg.

Mats Ørjan Paulsen i Juga Mikrobryggeri.

Mats Ørjan Paulsen i Juga Mikrobryggeri tappar på flasker.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Ho synast det er veldig artig at brørne Paulsen lagar øl med sjøsamisk vri. Ho kjem også med eit anna eksempel på at tradisjonar blir halden i hevd.

– Vi trudde at kveik, altså den norske urgjæra som har blitt brukt i brygging, var utdøydd. Men på Vestlandet har den blitt funnen fram igjen. Dette har verkeleg blitt stort internasjonalt. No jobbar faktisk Vestnorsk kulturakademi med å få denne gjæra på Unesco si immaterielle verdsarvliste.

Over gjennomsnittet interessert i øl

Alf Emil Paulsen i Lakselv fortel at det generelt er utruleg hyggelege folk som driver med øl.

– Det er ikkje så mykje pengar å hente ut frå denne næringa, men det er eit veldig bra miljø. Det er populært med mikrobryggeri og folk er veldig interesserte.

– Akkurat no blir det laga utruleg mykje godt øl i Noreg, seier Paulsen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark