Hopp til innhold

Stor interesse for fjellfestivalen

Denne veka blir Norsk Fjellfestival arrangert for 18. gang. Friluftsliv og natur er stikkorda for festivalen som går av stabelen på Åndalsnes i Rauma.

Festivalsjef : Solrun Sylte

Festivalsjef Solrun Sylte fortel at Norsk Fjellfestival har mykje å tilby for dei som er interessert i natur og friluftsliv.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Norsk fjellfestival på Åndalsnes opna dørene søndag, og gjennom heile veka kan besøkande velje mellom blant anna kurs i padling, klatring, buldring og toppturar til fjella i Romsdalen.

– Vi håpar på rundt 8.000 besøkande i løpet av festivalveka. Det bur rundt 7.500 her så det er god stemning i byen og mykje folk, seier Solrun Sylte.

I tillegg til turar og andre fritidsaktivitetar tilbyr festivalen kinoar, konsertar og føredrag.

– Ein er ikkje ferdig sjølv om ein har vore på fjelltur på dagen. Det er mykje som skjer på kveldane òg, seier Sylte.

Humøret på topp trass regnvêr

Norsk Fjellfestival har utvikla seg til å bli ein av dei største arrangementa i Norge for dei som sett pris på fjell og friluftsliv. Opninga av festivalen skjedde i strålande solskin søndag. Måndag var det ikkje like fint vêr på Åndalsnes, men regnet la likevel ingen dempar på fjellfestivalen.

Sebastian Fall-Jablonski

Mange hadde tatt turen til Tindesenteret for å klatre i regnet måndag.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK
Norsk fjellfestival

Som ein del av eit integreringsprogram fekk flyktningar vere med å lære seg å padle under festivalen.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Vi merkar at det er mykje folk inne på Tindesenteret som klatrar og gjer inneaktivitetar no når det regnar. Men mange er likevel på tur sjølv om det regnar, du får ei oppleving uansett, seier Sylte.

Ein av dei som kosa seg på klatrekurset på tindesenteret var svenske Sebastian Jablonski. Han har deltatt på festivalen tidlegare og nyttar anledninga til å utforske dei mange fjelltoppane i Romsdalen.

– Det er skikkeleg gøy å vere her og festivalen blir berre større og større. Eg vurderer om eg må begynne å legge ferien samtidig som fjellfestivalen så eg kan vere her oftare, seier han.

Ved elva Istra i Romsdalen lærte ein gjeng ungdomar å padle. Trass låg temperatur i elva og stor sjanse for å bli våte, var humøret på topp blant deltakarane.

– Det er første gong eg gjer dette, men eg gler meg. Eg er ikkje redd for å falle uti, seier ein av dei.

Kan bli ein del av kongefamilien

Dei mest ivrige deltakarane kan også prøve å smykke seg med ein kongeleg tittel under fjellfestivalen.

For å få denne tittelen må du ha besøkt dei sju tøffaste toppande i Romsdalen, nemleg: Store Vengetind (1852 moh.), Store Trolltind (1788 moh.), Kvanndalstind (1744 moh.), Juratind (1712 moh.), Kongen (1614 moh.), Romsdalshorn (1550 moh.), Dronninga (1544 moh.).

– Då blir du ein del av kongefamilien og får enten tittelen Fjelldronning eller Fjellkonge. Ein treng ikkje å ta alle toppane under sjølve festivalen. Du kan ta dei i løpet av eitt år eller bruke lengre tid om du vil. Det er mange som brukar dei guida turane under festivalen til å ta desse, seier Sylte.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL