Hopp til innhold

Kraftig auke i narkotikabeslag

I 2013 steig narkotikabeslaga kraftig i Tollregion Vest-Noreg. Men dei fleste beslaga er av brennevin og sigarettar.

Tollregion Vest beslag ecstact

Tollregion Vest-Noreg gjorde fleire narkotikabeslag i fjor enn året før.

Foto: Tollregion Vest

Tollregion Vest Methamfetamin beslag

Det har blitt gjort 31 beslag av metamfetamin og amfetamin i 2013 på til saman 800 gram.

Foto: Tollregion Vest

I 2013 har tollregion Vest-Noreg gjort 407 beslag av narkotika, noko som er ei auke på nær 40 prosent samanlikna med 2012.

Statistikken for 2013 i tollregion Vest-Noreg viser at talet på beslag har auka på nær alle områder med restriksjonsbelasta varer samt varer som er ulovleg å innføre.

– Desse tala samsvarer i stor grad med tala for heile landet, og vi har hatt ein auke i beslaglagd mengd av amfetamin, syntetisk narkotika og ecstasy mens vi ser ei nedgang i beslag av narkotiske tablettar og dopingmidlar, uttaler regiondirektør i tollregion Vest-Noreg Ivar Sletten.

Over 12000 tablettar

Tollregion Vest-Noreg omfattar Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Her har det blitt beslaglagd over 12000 narkotiske tablettar og nesten 5,5 kilo cannabis. Ecstasy utmerker seg med eit beslag på omtrent 1500 tablettar.

– Det har blitt gjort 87 beslag av valuta på til saman nær fem millionar kroner, samt at det er beslaglagt meir enn to tonn kjøt, seier Ivar Sletten.

Slik året før vart det ikkje beslaglagd skytevåpen, men i 2013 sank talet på beslaglagde valdsprodukt med 31.

– Vi har og beslaglagd 57 valdsprodukt som til dømes elektrosjokkvåpen, teleskopbatongar, stikkvåpen, kastestjerner og slåsshanskar, fortel regiondirektøren.

Tollregion Vest - valutabeslag 2013

Valutabeslaga i Tollregion Vest-Noreg enda på nesten fem millionar kroner i 2013.

Foto: Tollregion Vest

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL