NRK Meny
Normal

Blir pensjonist: – Då eg byrja hadde vi knapt ei einasta narkosak. No er det daglegdags

Operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug har arbeidd i ålesundspolitiet sidan 1978. – Det har vore ei skremmande utvikling av kriminaliteten i desse 35 åra, seier han.

Leif Arne Valderhaug

Her sit Leif Arne Valderhaug dei siste minutta som tilsett hos politiet i Ålesund. No pensjonerer han seg frå arbeidet i politiet. Men han sluttar ikkje å jobbe for det.

Foto: Terje Reite / NRK

Leif Arne Valderhaug hadde sin siste arbeidsdag på operasjonssentralen for Sunnmøre torsdag. Denne dagen var politiskjorta lagt bort. Han var i sivil, og kunne feire med kake. Det vart ein dag med helsingar og klemmar.

Da sender jeg min siste politilogg og trer over i pensjonistenes rekker etter 35 år i etaten. Takk for samarbeidet. Natten var heldigvis rolig.

Politiloggen: Leif Arne Valderhaug

Samstundes vart dette ein dag til ettertanke. Året var 1978 då Leiv Arne Valderhaug hadde sin første arbeidsdag i ålesundspolitiet.

Den gongen gjekk vi fotpatrulje rundt om i byen. Og narkotika var noko vi høyrde om ein sjeldan gong. Vi visste kven som var i narkotikamiljøet. Det var berre ei handfull personar. I dag er det slike saker heile tida, og det er umogleg å ha eit fullstendig bilete av situasjonen, seier Valderhaug.

Leif Arne Valderhaug

Dette har vore arbeidsplassen til Leif Arne Valderhaug. Operasjonssentralen koordinerer politiarbeidet på Sunnmøre.

Foto: Terje Reite / NRK

– Krimbiletet er endra

På 35 år har det skjedd ei enorm utvikling. Og for politiet har arbeidssituasjonen endra seg radikalt.

Det var kanskje like mykje vald og innbrot den gongen som no. Men kriminalitet i samband med narkotika og smugling har endra biletet. Det er ei skremmande utvikling, seier Valderhaug.

Mykje av utviklinga som uroar Valderhaug har samanheng med den politisk initierte utviklinga i Europa. Grensene er blitt opna og mykje av kontrollen ved grenseovergangane er bygt ned.

Vi skal ikkje stigmatisere spesielle nasjonalitetar. Men når ein utanlandsk bil er involvert i ei ulukke er det lett å tenkje seg at det er snakk om promillekøyring. Det er ikkje tvil om at det har kome inn ein annan kultur, der det blir oppfatta som greitt å køyre når ein har drukke alkohol, seier Valderhaug.

– Vi likar denne utviklinga svært dårleg, seier Valderhaug.

– Treng fleire politifolk

Valderhaug meiner at både politiet og tollvesenet må styrkast. Han kunne også tenkje seg at kontrollen ved grensene blei styrka.

Og politiet må styrkast, også med fleire etterforskarar, seier han. Vi vil uansett stå overfor store problem om vi framleis skal ha for få politifolk i forhold til dei oppgåvene vi står overfor, seier han.

I dag ligg det føre framlegg om å legge ned talet på politidistrikt og å slå saman lensmannskontor. Målet er å få fleire politifolk ut i felten.

Dette har eg ikkje tru på. Den einaste løysinga er å auke talet på politifolk. Danskane åtvarar oss mot å få inn på denne samanslåinga.

Åtvarar mot sentralisering

Gjennom arbeidet sitt har Valderhaug sett kor viktig lokalkunnskapen er i politiarbeidet. Dette er ein faktor som blir skusla bort, om sentralen blir lagt til Trondheim, seier han.

Det er knapt nokon i Trondheim som veit kvar Storledbakken er. Vi misser veldig mykje lokalkunnskap om vi sentraliserer politiet. Her veit vi at vi «kan ringe til han Petter» om vi treng ein båt, vi veit korleis vi skal ta oss fram og vi kjenner lokalmiljøet, både når det gjeld folk og geografi, seier han.

Men endringane skal nettopp medverke til å få ned responstida?

– Eg tvilar på at responstida går ned ved å slå saman distrikt og leggje ned lensmannskontor.

– Men opplegget blir vel at politibetjentane skal bytte ut kontoret med bil, og vere mobile og utrykkingsklare?

Ja, dei seier so. Men det vi treng er meir folk i gatene. Vi kan godt redusere ein god del av byråkratiet. I dag må vi lage rapportar og risikoanalysar for den minste ting, og vi driv og greier ut alt mogleg. Vi må vere ute og hjelpe folk og vi må drive førebyggjande arbeid, seier Valderhaug.

Leif Arne Valderhaug

I dag blei Leir Arne Valderhaug feira av kollegaene i politiet i Ålesund. Det blei mange klemmar, lukkeønskje og også nokre kakestykke.

Foto: Terje Reite / NRK

Hadde fleire utanlandsoppdrag

Valderhaug har slett ikkje berre vore i Ålesund under tida si i norsk politi. Han har vore ein av dei i etaten som har teke på seg ei rekkje utanlandsoppdrag. Han var 2 år på Balkan. Han har vore i Midtausten, Afghanistan, Georgia og i Kina.

Kontrastane har vore store. Og det har gjeve meg interessante erfaringar og kunnskap om andre kulturar. Eg har vore med på å smugle mat og skulemateriell inn i krigsområde der dei hadde ingenting. Det har gjeve meg eit perspektiv, og det har vist meg kor store forskjellane i verda er. Våre problem blir små i forhold, seier han.

Ambulanseulukka gjorde sterkt inntrykk

Leif Arne Valderhaug svarar ganske umiddelbart når han får spørsmål om det er éin episode han hugsar spesielt godt frå tida i ålesundspolitiet. I 1990 kolliderte ein ambulanse under utrykking på innfartsvegen til Ålesund. Leif Arne Valderhaug var ein av dei første som kom fram til staden.

Det var vener og på ein måte kollegaer som låg der skadde i ambulansen. Og dei som skulle hjelpe til i ein slik situasjon låg der og var sjølve hardt skadde. Denne hendinga gjorde svært inntryk på meg, fortel Valderhaug.

Politiet og ambulansefolk arbeider ofte tett saman på skadestaden. I denne situasjonen kom desse personlege og jobbmessige relasjonane i tillegg til sjølve hendinga.

Og på den tida var det ikkje noko som heitte debrief. Det var ikkje snakk om å få bearbeide inntrykka på nokon måte. Det var berre å skrive rapport og å prøve å kome seg vidare, seier han.

Sluttar ikkje å jobbe

Leif Arne Valderhaug er 57 år, og i politiet har dei høve til å pensjonere seg i denne alderen. Men sjølv om han no pensjonerer seg frå politiet skal han ikkje slutte å arbeide.

– Eg har fått jobb på ASK safety. Dei driv kursing i sjøredning. Og det passar meg godt å arbeide der. Eg må ha noko å gjere på. Eg er jo berre 57 år.

Pensjonsalderen i politiet er ikkje veldig høg..

– Nei. Og dette blir det nok ei endring på. Eg reknar med at pensjonsalderen kjem til å stige.

Leif Arne Valderhaug er ikkje i tvil på kva han skal svare, på spørsmål om kva som bør vere den viktigaste satsinga for politiet framover.

Det må vere å vere til stades blant folk. Vi må vere der, i situasjonane. Og vi må vere der for å førebyggje. Vi må vise att i bybiletet. Og dette krev langt større ressursar enn det politiet rår over i dag, seier han.