– På bygda var det enklare å få tak i stoff enn mjølk etter klokka 21.00

Kompisgjengen med 17-åringar syntest det var spennande å sniffe bensin. Dei fleste gav seg med leiken, men for Gard Warholm (43) vart det berre byrjinga på eit 17 år langt rushelvete.

Gard Warholm

Gard Warholm (41) har vore rusfri i 20 månader. Skilnaden på korleis sunnmøringen såg ut før og etter avrusinga er skremmande.

Foto: Privat

– Det er faktisk eit knallhardt miljø på bygdene, minst like hardt som i byane, fortel Gard Warholm (43).

For 20 månader sidan kom han seg endeleg ut av rusen, som var i ferd med å øydeleggje han heilt.

Sniffa grasklipparbensin

Rusen var så spennande at eg berre måtte ha meir. Det var som ei fantasiverd.

Gard Warholm

Den vanlege helgefylla var ikkje spanande nok for gjengen frå Herøy på Sunnmøre. Då Gard Warholm og kameratane var 17 år byrja dei å eksperimentere med sniffing. Det gjekk blant anna ut over grasklipparen til faren hans.

– Eg hadde høyrt om andre som hadde fått ein utruleg rus av å sniffe bensin, så eg ville prøve det sjølv, fortel Gard, som stadig oftare lurte seg vekk heime for å sniffe grasklipparbensin.

Gassane han sniffa vart sterkare og sterkare og han fekk lengre og lengre rusar. Sjølv beskriv han det å ruse seg som eit Play Station-spel.

Det var over fleire «level». Når eg rusa meg, datt eg vekk, og neste gong byrja eg akkurat der eg slutta sist. Rusen var så spennande at eg berre måtte ha meir. Det var som ei fantasiverd.

– Minnet mitt og konsentrasjonen min vart kraftig svekka. Ofte hugsa eg ikkje frå klokka 12.00 til middagstider.

– Mamma var redd og pappa kjefta

Sniffinga tok likevel slutt då han heldt på å stryke med av det. Då var han heime frå sjøen, og jobba på ei tomt. Han kunne ikkje kome seg raskt nok heim frå jobb fordi han ville ruse seg.

– Eg for heim og tømde grasklipparen opp ned for å få ut bensinen.

Då var han berre 18 år. Far hans kjente bensinlukta då han kom heim og fann Gard medvitslaus i garasjen.

– Eg var heilt kvit i andletet og familien min var sikre på at dei kom til å misse meg. Eg vakna av at eg låg i fosterstilling i dusjen med familien min som stod rundt meg.

– Mamma vart redd og fortvila og pappa kjefta. Sidan den dag har eg ikkje sniffa.

Gard Warholm

Livet smiler for Gard Warholm (43). Endeleg er han kvitt rusavhengigheita og kan ta igjen det tapte.

Foto: Privat

– Tikkande bombe

Men Gard Warholm skulle derimot prøve alt anna av narkotiske middel.

Etter ein periode der han var tilbake til å berre ruse seg på alkohol i helgane, begynte han å lese bodybuilder-magasin og trene. Han ville verte like stor og sterk som dei på bileta.

– Eg vart fascinert av at dei hadde klart å verte så digre. Slik ville eg også sjå ut.

Men det var for mykje arbeid og han såg helst at han berre kunne ta ei sprøyte eller nokre tablettar for å oppnå raske resultat. Som 27-åring byrja han med anabole steroid.

Kombinerer ein anabole steroidar med alkohol, klikkar ein oppe i hovudet. Du vert ei tikkande bombe.

Gard Warholm

– Eg åt 300 tablettar på éin månad og fekk ein veldig styrke.

Til faren laug han og sa at det berre var proteinpulver han brukte, men dei anabole steroidane gjorde at han fekk meir hårvekst og djupare røyst. Han vaks fort og vart svær. Skikkeleg svær.

Det gav status blant dei andre i gutegjengen.

– I ein periode var eg så stor at det var berre to-tre centimeter som mangla før eg var ein halv meter rundt armane. Og brystkassa mi var så stor at eg ikkje klarte å ta meg på venstre skulder med høgre arm.

Men den store kroppen hadde sin pris. Stoffet han proppa i seg gjorde at han vart svært aggressiv.

– Kombinerer ein anabole steroid med alkohol, klikkar ein oppe i hovudet. Du vert ei tikkande bombe.

Hasj og marihuana

Også når han skulle ut på sjøen drog Gard med seg steroid. Det var ikkje så strenge kontrollar den gong.

«Dette er stoffet mitt», tenkte eg. Eg vart som ein propell.

Gard Warholm

Gard fekk så store musklar at skjelettet hans ikkje tolte meir og han fekk prolaps. Medisinen han fekk frå legen fann han fort ut at han kunne ruse seg på. Samstundes byrja han å flørte med hasj og marihuana for å roe ned etter trening.

Då han var heime frå sjøen var han slapp og giddelaus, og sat berre heime og røykte hasj og åt piller.

– Om eg ikkje fekk trene, var det som å drage lufta ut av ein badeball. Eg var så høg på meg sjølv og skummel at det var skremmande.

Gard Warholm

Gard Warholm er glad i å vere ute i skog og mark og likar godt å fiske.

Foto: Privat

– Vart som ein propell

Medan kameratane til Gard hoppa av etter kvart og fekk seg familiar, forelska Gard seg i rusen.

– Eg hadde funne min største kjærleik og det var dop.

Sakte men sikkert bytte Gard ut vennane sine med vennar i rusmiljøet. Der var det skremmande enkelt å få tilgang til narkotika.

– Hadde ein dei rette kontaktane fekk ein tak i det ein ville. Den gong var det enklare å få tak i stoff enn mjølk etter klokka ni om kvelden. Då var det ikkje opne bensinstasjonar på bygda og det var berre ein telefon som skulle til for å få tak i stoff.

Eg vakna i ein blodpøl på stovegolvet heime. Det såg ut som der hadde skjedd eit mord.

Gard Warholm

Treninga var framleis altoppslukande for Gard og for å kome seg på trening vart han tilbydd amfetamin.

– «Dette er stoffet mitt», tenkte eg. Eg vart som ein propell.

Vendepunkt

Rusbruken til Gard Warholm vart heftigare og heftigare. Etter at han miste mor si i ei trafikkulykke, byrja han å bruke speed og ecstacy. Kokain, opium og piller i alle variantar vart også stappa inn i den unge kroppen.

– Eg har prøvd alt utanom å sette eit reint skot med heroin.

Dei siste sju-åtte åra av livet sitt som rusmisbrukar var han sprøytenarkoman. Dosene han sette var dødelege. Ein gong gjekk det nesten gale då det sprakk ei blodår i magen hans.

– Eg vakna i ein blodpøl på stovegolvet heime. Det såg ut som der hadde skjedd eit mord. Dei som hadde vore der saman med meg hadde stukke av i bilen min.

Men det var først då det rivna ei blodår i tinningen på han at han innsåg at det var tett før han kom til å ende sine dagar.

Då var han 41 år og det var 24 år sidan han som 17-åring prøvde å ruse seg ved hjelp av bensinen på grasklipparen heime.

Hjelp av politiet

I tillegg til at Gard brukte og oppbevarte narkotika, selde og kjøpte han tjuvgods. Og det var då seks politimenn med skotsikre vestar kom for å arrestere han for å ha kjøpt ein stolen moped, at han innsåg kor ustabil han var.

– Då eg sat i det avhøyret, spurde eg politiet om hjelp til å verte rusfri. Eg bad dei om at dei måtte få meg på ein heim, for eg orka ikkje meir.

Første veka veit eg ikkje om. Eg sov heile tida og låg berre å rista.

Gard Warholm

Omsider hamna han på Vestmo behandlingssenter i Ålesund, der han skreiv under på tvangsinnlegging.

– Eg er sikker på at det er det mest verdifulle papiret eg har skrive under på.

Det første som venta han på behandlingssenteret, var to veker med avgifting. Då var det bom stopp med rusmiddel.

– Første veka veit eg ikkje om. Eg sov heile tida og låg berre å rista, fortel Gard.

Men dette var berre byrjinga av avrusingsopphaldet. I 12 veker var han på Vestmo behandlingssenter og sleit mykje med abstinensar. Likevel er han sjeleglad for at han hamna der.

– Eg hadde ikkje levd i dag hadde det ikkje vore for at eg la meg inn. I år er det seks av vennane mine som har døydd av narkotika, deriblant ei som eg var på avgifting saman med. Ho sprakk.

Sjølv går han ikkje og er redd for å sprekke, men om ein byrjar å flørte med tanken så kjem suget, fortel han.

Hjelper andre

Gard Warholm

Gard Warholm var rusmisbrukar i 17 år. No vil han hjelpe andre til å ikkje byrje med rus.

Foto: Privat
Gard Warholm

På Sjølvhjelpsgruppa får Gard Warholm utmerkingar etter kor lenge han har vore rusfri.

Foto: Privat

Etter 10 månader med tett oppfølging kom han seg på sjøen igjen og har fått seg fast jobb. Vennane frå rusmiljøet har han kutta ut og bytta ut med sjølvhjelpsgrupper som har lært han å leve igjen.

Frå å vere klinkande likgyldig til menneska rundt seg, har Gard Warholm byrja å bruke tida heime frå sjøen på å snakke med unge om rus.

– Det har skjedd alvorleg mykje med meg på kort tid. Hadde ein mann på gata vorte skoten, hadde eg drite i det. Eg hadde berre skreva over han og gått vidare. No gjer eg det eg kan for at ikkje nokon andre skal rote seg bort i den same driten som meg.

20 månader har gått sidan Gard Warholm vart rusfri. Det å stå framfor store forsamlingar og snakke om det tidlegare livet sitt gir han meistringsfølelse og fungerer som terapi.

Ein gong håper han på å verte kjend med dottera si på nesten 7 år. Henne har han aldri hatt kontakt med. Det har byrja å gnage på samvitet.

– Eg har berre tenkt på meg sjølv og på kva eg kunne ruse meg på. Alt anna har vorte sett til side. Det tek tid å bygge opp tilliten igjen, så eg skal ta det sakte men sikkert.

Det er no det har byrja å gå opp for han at han har kasta bort dei beste åra av livet sitt. Det kan han ikkje gjere noko med. I staden for er han i gang med å skrive ei bok om livet sitt. Håpet er at historia hans vil forhindre at andre byrjar med narkotika.

– Byrjar ein med narkotika endar det med fengsel, institusjon eller død, åtvarar Gard.