Hopp til innhold

Skal ha trua med å skjære av tissen til gut

Gjennom heile barndommen skal guten ha blitt mishandla grovt av stemora. Forskarar trur meir kunnskap hos hjelpeapparatet kan berge liv.

Ålesund politistasjon

Politiet i Møre og Romsdal har etterforska ei stemor for mishandling av ein gut, frå han var liten til han var nesten 20 år gamal.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Guten var ikkje meir enn fem år gamal, då mishandlinga skal ha starta i ein heim i Møre og Romsdal.

Statsadvokaten har no tatt ut tiltale mot ei kvinne i 30-åra, for fysisk og psykisk mishandling av stesonen sin gjennom heile barndommen hans.

Ho blir skulda for ei rekkje grove forhold:

  • stemora skal ha blitt sint når han tissa seg ut, spylt guten med kaldt vatn, slått han og trua med å kappe av han tissen
  • slengt han mot ein omn
  • knipe han fleire gonger slik at han begynte å blø
  • knipsa han på munnen og slått han på baken

No er ho tiltalt for brot på Straffelova §219 og §282.

– Ho vedgår ikkje straffskuld, skriv forsvarar Steinar Wiik Sørvik i ei tekstmelding til NRK.

Han svarar ikkje på kva ho meiner har skjedd dei 15 åra då stesonen budde heime.

Advokat Steinar Wiik Sørvik var Lars Grønnerøds forsvarer under Orderud-saken

Steinar Wiik Sørvik er kvinna sin forsvarar. Han seier ho ikkje vedgår straffskuld.

Foto: Monster

Dei siste åra har talet på grove valdssaker mot barn auka, både heime og utanfor husets fire vegger.

Les også Politiet utvidar sikting mot foreldra etter at baby døydde

Forsegla dør til hus

Krass kritikk frå Riksrevisjonen

Nyleg gjekk Riksrevisjonen ut med hard kritikk av hjelpeapparatet i norske familievaldssaker. Både politi og kommunar manglar kunnskap om korleis dei skal varsle og kva dei skal gjere.

Bistandsadvokat Gerd Haagensen meiner kritikken er heilt på sin plass.

– Vi som jobbar på saksfeltet ser enorme konsekvensar av vald i nære relasjonar, spesielt i barndommen. Det kan skape traume som ein ber med seg resten av livet. Det krev store ressursar å hjelpe dei i ettertid, difor er den tidlege innsatsen så viktig, seier ho.

Haagensen er bistandsadvokat for guten som skal ha blitt mishandla av stemora og ønskjer ikkje å kommentere den saka konkret.

GERD CATHRINE HAAGENSEN

Gerd Cathrine Haagensen er bistandsadvokat for guten som skal ha blitt mishandla gjennom heile barndommen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Kan berge liv

Både privatpersonar og hjelpeapparat er pliktige til å varsle dersom dei får høyre om alvorlege brotsverk eller trur at det mest truleg vil skje.

Norske forskarar er no i gang med å sjå på om hjelpeapparatet brukar plikta si til å slå alarm, og korleis dei samhandlar.

– Vi trur meir kunnskap kan føre til større tryggleik for valdsoffera og at det i siste instans kan berge liv, seier forskar Kjartan Leer-Salvesen ved Høgskulen i Volda.

Saman med kollegaer frå Høgskolen i Molde, Politihøgskolen og Oslo universitetssjukehus forskar han no på avverjeplikta i alvorlege valdssaker og partnerdrapssaker.

Kjartan Leer-Salvesen ved Høgskulen i Volda

Forskar Kjartan Leer-Salvesen ved Høgskulen i Volda undersøkjer om og korleis ulike etatar samarbeider om å hjelpe folk som blir utsette for vald heime.

Foto: Høgskulen i Volda

Tidlegare forsking viser at om lag 80 prosent av valdsoffer og valdsutøvarar er i kontakt med hjelpeapparatet i forkant av eit drap, men at ulike instansar sjeldan varslar kvarandre. Salvesen seier dei vil undersøkje om det er mogleg å førebygge grov vald i heimane.

– I svært få tilfelle kan ein seie at det kjem som lyn frå klar himmel. Vi trur forskinga kan føre til ei betre handtering av slike saker, seier han.

Flytta frå heimstaden

Det var guten sjølv som gjekk til politiet og fortalde korleis han skal ha hatt det då han budde heime. Mishandlinga skal ha vart heilt fram til 2017.

I ettertid har han flytta frå heimstaden og etablert seg med eigen familie.

Rettssaka mot stemora skal gå for retten i byrjinga av november. Då skal også guten forklare seg om det som skjedde i barndomsheimen.

Les også Frykter mishandling av barn går under radaren ved norske sykehus

Ribbeinsbrudd baby, gule piler viser gamle brudd, hvite viser ferske.