Hopp til innhold

Politiet utvidar sikting mot foreldra etter at baby døydde

Politiet utvidar siktinga mot foreldreparet på Sunnmøre som er sikta for mishandling av babyen sin. – Han opplever saka som uverkeleg, seier faren sin advokat.

Forsegla dør til hus

Politiet forsegla huset då foreldreparet blei pågripne og sikta tidlegare i sommar.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Babyen hadde ikkje nådd å bli eit halv år før han blei funnen død heime hos foreldra i 30-åra tidlegare i sommar. Etter kort tid blei begge foreldra pågripne og sikta for vald i nære relasjonar.

Leiligheita der dei budde blei forsegla og Kripos kopla inn i saka.

No utvidar politiet siktinga til grov mishandling i nære relasjonar eller medvirkning til dette.

– Han tek siktinga svært tungt, og opplever saka som uverkeleg, seier faren sin advokat, Sjur Engelsen Lange.

Han legg til at faren ikkje vedgår straffskuld - verken for den gamle siktinga eller den nye.

Fengsla i fire nye veker

I dag blei både faren og mora varetektsfengsla i fire nye veker med brev- og besøkskontroll. Politiet er tilbakehaldne med nye opplysningar.

– Av omsyn til den vidare etterforskinga er det lite vi kan gje av opplysningar i saka. Endringa som er gjort i siktinga baserer seg på ei samla vurdering av dei opplysningane vi har, seier politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt , som leiar etterforskninga.

Politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politdistrikt.

Politiadvokat Julie Ulstein seier dei har utvida siktinga utfrå ei samla vurdering.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Babyen blei obdusert

Babyen blei obdusert ved St. Olavs hospital i Trondheim, men politiet har førebels ikkje ville forklart seg om kva som er kome fram der.

Ingen av dei to foreldra har vedgått straffskuld, og har vore avhøyrt fleire gonger dei siste vekene.

– Min klient held fast på at ho ikkje er straffskuldig, ingen øvrige kommentarar, skriv forsvararen hennar, Axel Lange.

Axel Lange

Axel Lange er kvinna sin forsvarar. Han er knapp i kommentaren.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fengsla i fire nye veker

Foreldra som er busette på Sunnmøre blei varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll tidlegare i sommar. No er begge foreldra fengsla i fire nye veker.

Det er ikkje lov å referere kva som kom fram under fengslingsmøta i dag, av omsyn til etterforskinga.

Babyen blei nyleg gravlagd med begge foreldra til stades og eit stort politioppbod.

Les også Foreldrepar sikta for vald mot ein fem månader gamal baby

Julie Ulstein politiadvokat.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL