Hopp til innhold

Staten meiner bordkledinga er brannfarleg – produsenten saksøker staten

Dei har laga produktet i årevis, men no er det full stopp. Direktoratet for byggkvalitet meiner bordkledninga er brannfarleg.

MøreTre i Surnadal

HJØRNESTEINSBEDRIFT: Talgø Møretre er ei viktig bedrift i Surnadal. Kjend for å produsere mellom anna Møreroyal bordkledning og terrassebord.

Foto: MøreTre

Talgø Møretre er ei hjørnesteinsbedrift i Surnadal på Nordmøre.

Fabrikken produserer mellom anna bordkledning av typen Møreroyal. Hus over heile landet har denne typen bord på ytterveggane sine.

Det er eit produkt som er ferdig frå fabrikk, kan spikrast rett på veggen, og ikkje treng beis eller måling.

Men i vinter var det full stopp. Produktet blei trekt frå marknaden. Staten meiner at branneigenskapane til bordkledninga ikkje er i tråd med merkinga frå fabrikken.

Talgø Møretre royalbehandla bord.

TREVARELAGER: Talgø Møretre har måtte trekkje bordkledninga Møreroyal frå marknaden.

Foto: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK

Talgø Møretre meiner på si side at dette ikkje stemmer. Dei har teke fleire testar, og hevdar at dei kan dokumentere at merkinga dei brukte var rett.

– Desse borda brenn ikkje noko meir enn bord som har måling og beis på seg. Feilaktige påstandar frå myndigheitene gir erstatningskrav mot oss på mange titals millionar kroner, seier konsernsjef Terje Talgø.

Bilder av Talgø Møretre

GÅR TIL SAK: Terje Talgø (h) meiner myndigheitene feiltolkar regelverket.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

No ser ikkje trevarebedrifta noko anna utveg enn å gå i retten.

– Myndigheitene viser ingen vilje til verken å lytte, eller komme oss i møte. Dei har sett ei heil næring i spel, seier Talgø.

– Ein byråkratisk vegg

I dag var Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum på besøk i fabrikken. Han er kritisk til saksgangen.

– Talgø Møretre møter ein byråkratisk vegg. Eg trur eigentleg ikkje Astrup og regjeringa har sett seg godt nok inn i saka. Det verkar som om han har skyvd problemet frå seg og ikkje sett av nok tid, seier Vedum.

Bilder av Talgø Møretre

KRITISK: Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner regjeringa har valt å vere passiv, i staden for å prøve å løyse problemet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Kan selje borda om dei endrar merkinga

Kommunal – og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H), fnyser av utspelet til Vedum.

– Det er eit utruleg useriøst utspel frå ein statsministerkandidat. Vi har hatt nær dialog med næringa heile vegen, og det vil vi halde fram med, seier Astrup

Han viser til at det framleis er mogleg er mogleg å selje royalbehandla trevirke. Men ikkje med den brannmerkinga som produsentane har nytta tidlegare.

– Testane viser at merkinga ikkje var i tråd med branneigenskapane. Du kan framleis bygge med desse borda, men då må du ta omsyn til det. Overtenning av eit bygg som er kledd med dette materialet vil gå mykje raskare, seier Astrup.

Nikolai Astrup

MÅ ENDRE MERKING: Kommunal – og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) er tydeleg på at den merkinga som trevareprodusentane har nytta er feil.

Foto: Mette Ballovara / NRK

Statsråden legg vekt på at dei ikkje kan ta lett på branntryggleik.

– Eg synest det er veldig synd at dei går til sak. Produsentane har sjølv valt å trekkje produktet frå marknaden.

– Må gå til sak for å få eit svar

I Surnadal gjer Terje Talgø seg klar for retten, men å saksøkje staten er ikkje noko han tek lett på.

– Om Astrup er så klar på at vi har merka feil, så for han vise oss dokumentasjonen. Vi har hyra tre juristar og ingen av dei klarar å finne det. Det er derfor vi går til sak. Vi må det for få eit skikkeleg svar frå Direktoratet for byggkvalitet, seier han.

Talgø Møretre

TIL RETTEN FOR SVAR: Terje Talgø meiner Direktoratet for byggkvalitet ikkje svarar dei godt nok.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK