Hopp til innhold

Talgø Møretre satsar 120 millionar i Surnadal

Ei enorm satsing med nytt produksjonsanlegg i Surnadal og Todalen kan skape 50 nye arbeidsplassar dei næraste åra. Dagleg leiar Terje Talgø i Talgø Møretre håper å slå til i utlandet.

Terje Talgø

Terje Talgø i Talgø Invest investerer 120 millionar kroner i to gigantiske bygg i Surnadal.

Foto: Talgø

– No er vi nasjonale, men vi tenkjer å gå internasjonalt, seier Terje Talgø til NRK.

Han er dagleg leiar i generasjonsbedrifta i Surnadal, starta i 1899. Det er i Talgø Møretre det no blir investert 120 millionar kroner i elementproduksjon. Det betyr at industri blir henta heim til Noreg frå Aust-Europa.

– Vi kan få til ei elementavdeling som eg meiner kan levere ein stad mellom 100 og 150 millionar kroner i framtida, fortel Talgø.

Med andre ord har Talgø Møretre eit mål om å auke omsetnaden til rundt 500 millionar kroner om få år.

MøreTre i Surnadal

Talgø Møretre skal utviklast med store, nye produksjonsanlegg.

Foto: MøreTre

Behov for meir arbeidskraft

Den nye investeringa har med seg Innovasjon Noreg og Surnadal Sparebank på laget, med høvesvis 45 og 30 av dei 120 millionane som blir investert.

– Det er investeringsrammer lagt til for å korte inn forspranget til Aust-Europa. Vi har teknisk avansert utstyr, slik at vi vil produsere raskare enn dei gjer i dag, svarer Talgø på spørsmål om korleis Noreg kan konkurrere med lågkostland.

Den nye investeringa betyr òg at bedrifta treng fleire tilsette. I dag har heile konsernet om lag 220 tilsette.

– Dersom vi klarer å få til dette blir det 50 nye arbeidsplassar, slår Terje Talgø fast.

– Inga enkel øving

Hjørnesteinsbedrifta i Surnadal er tydeleg på at sal og marknadsføring blir svært viktig for å lukkast framover. Seniorrådgjevar Alfred Øverland i Innovasjon Noreg har trua.

– Det er inga enkel øving, men med hjelp av både ny teknologi, robotisering og kunnskapen dei har, så trur vi dei vil lukkast, seier Øverland til NRK.

Talgø Møretre går no frå å vere eit reint sagbruk og høvleri til å tilarbeide produkta i langt større grad, opplyser Talgø – som føler på ansvaret.

– Ein har historie med Talgø, vi er snart 120 år. Det er klart at alle mine forfedrar har prøvd å vere med og skape arbeidsplassar, og det ansvaret føler eg ganske sterkt. Eg har tenkt å bidra så lenge eg held på, avsluttar Talgø.