Hopp til innhold

Spjelkavikdrapet: – Døydde natta før brannen blei påsett

Politiet utvidar siktinga mot tre menn som er fengsla etter drapet i Spjelkavika i Ålesund. Mennene er no også sikta for likskjending. Politiet meiner mannen blei drepen natta før brannforsøket.

Politiet utenfor huset der en mann ble funnet død etter en boligbrann i Spjelkavika

Politiet ved åstaden i Spjelkavika.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Politiet slo full drapsalarm då ein 35 år gamal mann blei funnen død i eit husvære i Ålesund etter ein brann. Dei tre mennene blei arresterte etter få dagar og sikta for lekamskrenking med døden til følgje.

Også ei kvinne er sikta etter same paragraf. Ho blei sett fri frå varetektsfengsel 2. desember, fordi vilkåra for varetektsfengsling ikkje lenger var til stades. Ho har ikkje erkjent straffskuld.

Ein av dei tre mennene har tilstått ugjerninga. Siktinga mot han er skjerpa til forsetteleg drap og mordbrann. Dei to andre har ikkje erkjent straffskuld og dei har heller ikkje samtykka i vidare varetektsfengsling.

Sikta for likskjending

Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad seier dei ønskjer vidare varetektsfengsling for mennene.

Foto: Synnøve Hole

I ei pressemelding skriv politiet at dei no meiner dei veit tidspunktet for dødsfallet.

– Etterforskinga vår viser avstand frå dødstidspunktet fram til brannen som vart påsett, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

Politiet meiner mannen vart drepen i heimen sin natt til tysdag 21. oktober. Politiet fekk melding om brannen klokka 15.40 same ettermiddag.

Det er ei kjensgjerning at avdøde låg i leilegheita som vart påtent. Mennene er difor også sikta for likskjending ved at avdøde ville ha brent inne om dei hadde lukkast, seier Ferstad.

– Sette andre sine liv i fare

Dei tre blir framstilt for varetekstfengsling onsdag ettermiddag. Politiet meiner dei sette andre sine liv i fare ved å starte brannen.

– Vi meiner dei tre mennene skal verte sittande i varetekt, seier Ferstad.

– Dette fordi det vil krenke folk sin rettsfølelse og dei vil ikkje kjenne seg trygge om mennene vart sett fri i no.

Politiet meiner også å vite kva som er drapsvåpenet, men ønskjer ut over det ikkje å seie noko om sjølve drapshandlinga eller motivet av omsyn til etterforskinga.

Politiet reknar med at saka er ferdig etterforska i løpet av januar.