Mannen blei opphavleg dømt til 18 års fengsel for drap under særdeles skjerpande omstende.
Det var i oktober i fjor at Åge Stavran blei funnen død i husveret sitt, etter eit branntilløp.
Dermed har forsvarar Håkon Sætre Rasmussen fått gjennomslag for sitt standpunkt i lagmannsretten si ankebehandling.
– Straffa er fornuftig ut frå domspremissane, seier han.
Ankesaka
Lagmannsretten reduserte straffa for begge dei to som anka.
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRKBåde den no 23 år gamle hovudmannen og ein av dei to meddømte anka.
I retten blei drapet skildra som rått og brutalt. Stavran blei drepen med øks og brevopnar, og liket blei skjenda. Dagen etter drapet blei dessutan husveret til den drepne tent på for å skjule spor.
Aktor Magne Nyborg ønskjer å lese premissane før han kommenterer domen.
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRKI tingretten hevvda aktor Magne Nyborg at den opphavlege straffa var korrekt, medan forsvararane ville ha lågare straff. Statsadvokaten ønskjer ikkje å gi nokon kommentar no, fordi han ikkje har fått sett seg inn i domen.
- Les også:
Fornøgd med premissane
Javeed Hussain Shah legg vekt på premissane i domen frå lagmannsretten.
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRKOgså den då 19 år gamle meddømte mannen har fått redusert si straff, frå tre og eit halvt til tre år. Forsvarar Javeed Hussain Shah meiner den skulle vore enda enda seks månader kortare, men er likevel fornøgd med dommen.
– Klienten min si rolle kjem tydelager fram i denne dommen, og det er vi fornøgde med, seier han til NRK.