Hopp til innhold

Nektar befatning med drapet

Ei ung kvinne som er sikta i samband med drapet i Spjelkavik i Ålesund tidlegare i veka nektar å ha noko med saka å gjere. Ho sette seg imot difor varetektsfengsling fredag formiddag.

Frå Sunnmøre tingrett

Politiet ba i dag retten om fire vekers varetektsfengsling for kvinna som er sikta i drapssaka i Spjelkvik i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole

Den unge kvinna møtte saman med forsvarar Erling Flisnes i Ålesund tingrett i formiddag der saka om varetektsfengsling blei behandla. Torsdag blei tre menn varetektsfengsla og sikta for mordbrann, etter at dei onsdag først blei sikta for lekamsskading med døden til følgje.

Nektar tilknyting med drapet

Erling Flisnes

Forsvarar Erling Flisnes seier klienten hans tek siktinga tungt, og meiner ho ikkje har noko med saka å gjere.

Foto: Synnøve Hole

Kvinna er sikta for lekamsskading med døden til følgje etter drapet som skjedde natt til tysdag. Forsvarar Erling Flisnes seier ho nektar tilknyting med drapet.

– Ho har bedt om å bli lauslaten. Vi stiller oss framleis heilt uforståande til at ho i det heile tatt er framstilt for varetektsfengsling. Eg meiner det ikkje ligg føre noko grunnlag for den siktinga som Sunnmøre politidistrikt har utarbeidd, seier Flisnes.

– Korleis tek ho dette?

– Ho tek det svært tungt. Ho har gitt ei fullstendig forklaring til politiet, kva som har skjedd og kva rolle ho har i dette, seier han.

Les alt om drapet i Spjelkavik-saka:

Fryktar kvinna skal øydeleggje bevis

Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad ba om fire veker varetekt for kvinna som er sikta i drapssaka.

Foto: Synnøve Hole

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad seier dei bad om fire veker også for kvinna, med to vekers isolasjon.

– Vi ønskjer å halde henne varetektsfengsla på grunn av den faren det er for at ho kan øydeleggje bevis dersom ho blir lauslaten.

– Kva for rolle meiner de ho har hatt i saka?

– Vi ønskjer ikkje å gå inn i dei enkelte sine roller, og kva som er bakgrunnen for siktinga mot dei ulike, seier Ferstad.

Ho vil ikkje kommentere kva for relasjon det er mellom den sikta kvinna og den avdøde mannen.