Hopp til innhold

Spennande dag for E39-vegval

Regjeringa skal snart avgjere kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord og Sunnmøre. I dag får samferdsleministeren dei lokale stridane i fanget.

Bilferja mellom Anda-Lote

Nordfjorden er ein av fjordane som kan kome til å bli kryssa ferjefritt når nye E39 er ferdig. Men framleis er det strid om kvar vegen skal gå.

Skal vegen følgje ytre eller indre lei? Korleis skal den ferjefrie E39 krysse Nordfjord? Vert det Hafast eller vert det Fefast på Sunnmøre?

Og kven skal samferdsleministeren høyre mest på? Skal dei ulike grupperingane i Sogn og Fjordane tilleggast mest vekt? Eller kanskje skal tilhengarane av det eine eller andre alternativet i Møre og Romsdal få gjennomslag?

Spennande dag for E39-vegval. Følg møtet direkte i nett-TV.

Usemje om vegval

I dag og i morgon er samferdsleministeren på besøk i dei to fylka.

Politikarane i Møre og Romsdal tek kraftig til orde for ein indre trasé gjennom Nordfjord.

Vi har stått hardt på for å få bygt Kvivsvegen. Då er det ei naturleg sak at ferjefri E39 må byggjast i samsvar med dette, seier Venstre-politikar og mangeårig samferdslepolitikar Iver Nordseth.

– Ei politisk bombe

Også fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, reknar med at det blir den indre lina som blir valt for Nordfjord til slutt.

Ja, dette forventar eg. Alt anna vil vere ei politisk bombe, seier han.

Fylkespolitikarane frå Møre og Romsdal har gjort sine vedtak om vegane i sitt eige fylke og korleis vegane skal gå i Nordfjord. Dei har gått samrøystes inn for fastlandssamband mellom Sula og Hareid og at vegen skal følgje ein indre trasé i Nordfjord.

– Siste ord ikkje sagt

Men i Nordfjord går det føre seg ein bitter strid. Nils R. Sandal er ein av dei som kjempar for at E39 skal krysse Nordfjorden med ei bru mellom Anda og Lote.

Vi har tru på det vi kjempar for. Vi har også registrert at samferdsleministeren kjem hit og vil lytte. Det er eit teikn på at det ikkje er fatta noko beslutning. Eg vonar at siste ord ikkje er sagt, seier Sandal.

Synfaring

Måndag kveld er det høyring. Tysdag er det synfaring. Avgjerda kan kome om kort tid.

Eg vonar samferdsleministeren tek ei avgjerd så snart som råd etter synfaringa, og då i favør av dei beste prosjekta, seier parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik til NRK.

Dette er tidsplanen for synfaringa tysdag:

  • 08.15 Buss Ørsta-Volda
  • 08.30 Ferje Volda-Folkestad
  • 08.45 Folkestad-Lote Stopp ved brukryssing Voldafjorden og Eid. Medietreff ved Lote ferjekai kl. 09.45
  • 10.00 Ferje Lote-Anda
  • 10.15 Anda-Byrkjelo Korte stopp
  • 10.50 Byrkjelo-Innvik Stopp nord for Byrkjelo, Innvik
  • 11.30 Innvik-Loen Korte stopp
  • 12.00 Hotell Alexandra Kort lunsj
  • 12.20 Loen-Grodås Mediatreff ved Svarstad (kjettingplassen) kl. 12.35
  • 13.10 Grodås-Hareid Stopp Kvivsvegen, Hjartåberga, brukryssing Ørstafjorden, brukryssing Sulesund. Medietreff ved Hareid ferjekai kl. 14.45
  • 15.00 Ferje Hareid-Sulesund
  • 15.45 Ferje Solavågen-Festøy Medietreff om bord i ferja
  • 16.10-16.55 Festøy-Ørsta Stopp brukryssing Storfjorden

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL