– Regjeringa har bestemt seg for gigantbru

Regjeringa skal ha bestemt seg for at nye E39 skal gå over Bjørnafjorden, skriv Bergens Tidende.

Ferjefri E39

KORTASTE VEGEN: Kryssing av Bjørnafjorden med ei fem kilometer lang bru gir den kortaste vegen mellom Bergen og Stavanger.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

Avisa hevdar å ha fått dette stadfesta frå fleire sentrale politikarar i regjeringspartia.

Dermed ser det ut til at det blir ei fem kilometer lang flytebru over Bjørnafjorden, mellom Os og Tysnes, og at det såkalla indre alternativet gjennom Fusa blir lagt vekk.

Gir kortast reisetid

Kryssing av Bjørnafjorden med ei gigantisk bru vil knappa mest ned på reisetida mellom Bergen og Stavanger. Prislappen for det midtre alternativet på strekninga mellom Bergen og Aksdal blir om lag 19 milliardar.

Ifølgje Bergens Tidende tar regjeringa den endelege avgjerda komande veke, men ingen i regjeringsapparatet vil kommentera saka.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) i Os kommune sa nyleg at ei avgjerd er venta om kort tid.

– Det er varsla at ein relativt raskt vil ta ei avgjerd, sa Søviknes til lokalavisa Os og Fusaposten.

Næringslivet jublar

Bergen Næringsråd har purra på regjeringa for å få ei rask avgjerd, og administrerande direktør Marit Warncke er difor glad for at avgjerda skal vera tatt.

– Dette er heilt fantastisk. Det er det viktigaste prosjektet for næringslivet på Vestlandet, seier ho.

Fylkespolitikarane i Hordaland har tidlegare gått inn for den løysinga som no ser ut til å bli valgt.

– Når det ligg ei fagleg anbefaling frå vegvesenet og i tillegg ei klar politisk anbefaling, må det vera vanskeleg for regjeringa å komma utanom det midtre alternativet, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) til NRK.no då fylkespolitikarane gjorde vedtaket.

Ferjefri kyststamveg

TO ALTERNATIV: Dette er dei to alternativa til ferjefri kyststamveg mellom Bergen og Stavanger.

Foto: NRK