Hopp til innhold

Bli med eksperten på sopptur

Soppekspert Stein Hagala delte sine råd under soppens dag på Aasentunet søndag.

Sopptur med kjentmann i skogen ved Aasentunet i Hovdebygda i samband med soppens dag.

Stein Hagala

Kolbein Halkjellsvik får hjelp av soppkontrollør Stein Hagala.

Foto: Jannicke Farstad / NRK
Soppkontroll i Ivar Aaasen-tunet

Solveig Mo Gjerde har funne fleire typar sopp som må sjekkast.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Kyndige hender snur og vender på den vesle veksten som har blitt med i korga. Han veit kva han ser etter. Og han veit kva som skal til for at soppen skal gjere lukke på matbordet.

– Steinsopp, seier Stein Hagala kjapt. Denne kan du trygt ete.

–Farleg å konkludere for raskt

Soppkorg

Fulle korger under soppens dag, men rådet er å sjekke kva du har fått med i korga.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Hagala veit meir om sopp enn dei fleste. Som ein av dei soppkunnige i Ålesund Nyttevekstforeining er han i Aasentunet for å gje råd og tips til dei som ønskjer det. Og ikkje minst kan han kontrollere innhaldet i korgene til dei som har tatt turen inn i skogen på jakt etter matsopp.

–Det som er farleg er at dei som ikkje kan dette så godt tar det for gitt at det er den eine eller andre soppen dei har funne. Folk er litt for raske til å konkludere. Du skal ikkje tru, du skal vite kva du har plukka, seier Hagala.

For dei er svært klar over at kunnskapen om sopp ikkje er like stor hos alle. Svært mange ønskjer å sanke desse små vekstane, men slett ikkje alle tør vere sikre på kva dei kan ete.

Farleg å ta feil

Det er ikkje heilt uvanleg at folk får i seg giftig sopp i sesongen. Men i år har det blitt rapportert om særleg mange tilfelle rundt om i Noreg.

For nye soppsankarar er rådet å sjekke grundig. Mange stader er det nyttevekstforeiningar som arrangerer både soppturar og ikkje minst soppkontrollar.

–Sjekk på heimesidene til di lokale nyttevekstforeining, der er det berre å ta kontakt, understrekar Hagala.

Og hald deg unna brune soppar med brune skiver og kvite soppar med kvite skiver. Men då må du vite kva som er skiver, og det er det jo heller ikkje alle som gjer.

På leiting etter små skattar

Blek piggsopp

Piggsoppen får bli med i korga.

Foto: Jannicke Farstad / NRK
Kantarell

Kantarell er ein vanleg sopp i norske skogar.

Foto: Jannicke Farstad / NRK
Steinsopp

Steinsoppen kan trygt etast og i år er det særleg mange av den.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Skal du på leiting etter sopp, bør du gå utanfor stiane. Mykje av soppen trivst langs stiar, men der folk ferdast er det også snart å bli tomt for godsakene. Og i år har den varme og tørre sommaren gjort leitinga litt meir utfordrande.

–I år må du kanskje leite litt ekstra etter fuktig stader og ikkje gå i dei tørraste områda, sjølv om det er stader der du har funne sopp før, seier Hagala. – Du må leite der graset kanskje er litt ekstra grønt. Og du må nok gjerne leite litt.

Han seier både granskog og furuskog er fint for dei som vil ut på leiting.

Nokre trygge

–Her har vi bleik piggsopp, seier Hagala, på god veg under eit stort tre. – Denne er fast og fin og ganske liten. Den er ein god matsopp, så den tar vi med oss ned i korga.

Sjølv syns han det er mest stas å finne noko som er litt utanom det vanlege.

–Eg har så mykje i frysaren, så for meg er det kanskje mest spennande å finne noko nytt og sjeldan. Men vi som et mykje sopp et eigentleg det same som alle andre. Det er dei vanlege typane som gjeld, seier han.

I år er det steinsopp som hamnar i korgene til mange.

–Det er eit heilt vanvittig steinsoppår, vi ber snart i bøtter og spann, seier Hagala.