Den 23 år gamle mannen som er sikta for å ha drepe og partert Sami Milhem (20), har vedgått dei faktiske tilhøva rundt drapet og samtykkjer i varetektsfengsling.
Det var fredag 8. august at politiet i Hareid fekk melding om at ein død person var funnen i eit kommunalt bustadhus på Bigset i Hareid kommune.
- Les også:
Avsluttande fase
No er politiet i gong med å avslutte vitneavhøyra.
– Vi avhøyrer framleis den sikta og rekna med at vi tek til å nærma oss slutten i etterforskinga om ei veke eller to, seier politiinspektør Ingar Bøen i Sunnmøre politidistrikt torsdag ettermiddag.
23-åringen sit fengsla i Bergen og psykiatrane Per Børre Husebø og John Olav Roaldset er utnemnde som rettspsykiatrar og skal vurdera om den sikta er strafferettsleg tilrekneleg.
– Vi tek til å nærma oss ei oversikt over kva som skjedde, men så lenge han ikkje er ferdig avhøyrd, manglar vi ein viktig brikke i puslespelet.
Bøen opplyser at det har vore uproblematisk å avhøyre den 23 år gamle mannen. Måndag 11. august blei mannen varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod i tillegg til medieforbod i Sunnmøre
tingrett i Ålesund.
- Les også: