Hopp til innhold

Sami Milhem (20) døydde av forbløding

Politiet har no fått den førebelse obduksjonsrapporten.

Kondolanseprotokoll til Sami Milhem

Sami Milhem blei gravlagt i Kristiansand fredag.

Foto: Arne Flatin / NRK

20 år gamle Sami Milhem som blei drepen i Hareid fredag 8. august, døydde av forbløding, seier politiinspektør Ingar Bøen i Sunnmøre politidistrikt.

Bøen seier at den førebelse obduksjonsrapporten ikkje gir svar på kva slags skadar som har var årsak til forblødinga.

– Eg ønskjer ikkje å uttale meg om detaljane i rapporten.

Den avdøde var ille tilreidd då han blei funnen, og mangla fleire kroppsdelar.

Vil flytte til Kristiansand

Sami Milhem blei gravlagt ved Oddernes gravlund i Kristiansand fredag ettermiddag.

– Dei ønsker avstand til drapet. I tillegg har dei vener og familie i Kristiansand, sa bistandsadvokaten Jørund Knardal til NRK i førre veke.

Han fortalde at familien også ønsker å flytte til byen, der den avdøde har ein onkel.

Sami Milhem (20) vart drepen i eit hus på Bigset i Hareid fredag 8. august

Sami Milhem (20) vart drepen i eit hus på Bigset i Hareid fredag 8. august.

Foto: NRK/Ivar Lid Riise/privat/montasje