Hopp til innhold

Slik vert vinterferien i skitrekka

Vinterferien er her, men korleis er forholda på skisentera rundt om i fylket? Sjekk oversikta her!

Stranda skisenter - fargekorrigert

Trass i lite snø meiner Stranda skisenter at dei kan by på gode forhold til dei som ønskjer å ta turen dit i vinterferien.

Foto: Stian Græsdal

For mange barnefamiliar byr vinterferien på eit godt høve til å spenne skia på føtene og kome seg opp i bakkane. Men snømangel og mykje mildvêr dei siste vekene gjer at få skitrekk er klar for det årlege storinntrykket.

– Gode forhold på Stranda

Stranda skisenter har lenge slite med lite snø og hardt føre. Men marknadssjef Ellen-Beate Wollen lovar at det vil vere gode forhold for dei som tek turen i vinterferien.

– Vêret har blitt mildare i det siste, noko som gjer at snøen ikkje er så steinhard som tidlegare. Dei siste dagane har det vore mange barnefamiliar her som skryt av løypene, så eg trur alt ligg godt til rette for vinterferien, seier ho,

Egga og Roalden er stengt for skikøyring, men dei andre løypene har framleis meir enn nok snø att frå ein kuldeperiode i januar då dei sprøyta godt på med kunstsnø.

– Det er dessutan meldt snø i 3–4 dagar over helga, så vi trur det vil gje eit ekstra lett pudderlag på toppen, seier Wollen entusiastisk.

– Kan gå tur på beina

Volda skisenter er stengt, medan Ørsta skisenter opererer med redusert kapasitet. "Får håpe vêrgudane snart er med oss" skreiv dei på Facebooksida si 10. februar. NRK har elles fått opplyst at det skal vere gode høve i junior- og familiebakken.

På Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter, vil derimot tre av fem skitrekk vere opne i vinterferien.

– Det er tre løyper med greie forhold og ulik vanskegrad, så vi burde kunne dekkje fint inn i vinterferien, seier Tore Utgård.

Han legg til at det elles er lite snø i dei populære turløypene på Fjellsætra.

– Dei som vil på tur må nok bruke beina, seier han.

Held familietrekket ope

På Arena Overøye i Stordal er det truleg berre familietrekket som vil vere ope i vinterferien.

– Det er meldt snø over helga, så med ein real dose flaks kan det vere at vi kan klare å opne heilt til toppen. Men det skal halde hardt, seier dagleg leiar Rune Støversten.

I tillegg til skitrekket, er det også fire kilometer med opptrakka løype på Overøye.

– Det er langt mindre snø og løyper enn elles, så det er trassig for alle. Eg håper det berre ikkje det går utover skigleda i altfor stor grad, seier han.

– Ser mørkt ut

På Nordmøre er alle skisentera stengde, medan kapasiteten er kraftig redusert i Romsdal.

Sjølv om tre av seks løyper var opne på Tusten i Molde torsdag, er driftsleiar På Nakken langt frå sikker på om snøen vil halde utover i vinterferien.

– Det er meldt fire dagar med regn, så det ser mørkt ut. Om det ikkje kjem så mykje nedbør, så vil vi kanskje kunne klare å berge løypene, seier Nakken.

– Vi skal gjere så godt vi kan, så får folk berre følgje med på nettsidene våre, oppmodar driftsleiaren.

Ei einaste løype

Sigmund Julshamn

Styreleiar i Skaret skisenter,Sigmund Julshamn, oppmodar folk til å ta turen i vinterferien sjølv om han har få løyper å by på.

Foto: Roar Jonny Strøm/Norsk rikskringkasting

Også på Skaret skisenter i Molde er kapasiteten kraftig redusert som følgje av snømangel og mildvêr.

– På denne tida har vi vanlegvis turløyper som går tre mil innover fjellet her, men slik er det ikkje i år, seier styreleiar Sigmund Julshamn.

Snøkanonar har derimot sikra ei fire kilometer lang løype som besøkjande kan nytte seg av under vinterferien.

– Løypa vert preparert kvar dag og vi har nok av parkeringsplass, så det er berre for dei som vil å kome, seier styreleiaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL