Hopp til innhold

Jan Erik produserer sin eigen snø – fekk eksperthjelp frå OL i Sotsji

TRONDHEIM (NRK): Jan Erik Domaas var lei av den snøfattige vinteren. Han kjøpte sin eigen snøkanon og ordna akebakke heime i hagen sin på Byåsen.

Jan Erik Domaas med eigen snøkanon

KREATIV IDÉ: Jan Erik Domaas har skaffa seg snøkanon, og produserer sin eigen snø heime på Byåsen i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

Eit skianlegg kan produsere sin eigen snø, men vi andre må vere tålmodige og vente på at den naturlege snøen skal dale ned frå himmelen.

Eller må vi eigentleg det?

Jan Erik Domaas på Byåsen i Trondheim tok saka i eigne hender, og skaffa seg sin eigen snøkanon.

– Eg skal vere heilt ærleg å seie at eg har hatt draumen og ideen kjempelenge.

Han fortel at det har vore uaktuelt å bruke store summar på snøproduksjon.

– No fann eg eit firma som har klart å gjere dette overkommeleg for «mannen i gata», så då var det eigentleg berre å slå til. Det er vinter. Vi må ha snø, fastslår han.

Det var Adresseavisen som omtalte snøproduksjonen først.

Akebakke på Byåsen

GLEDE: Små og store kosar seg i akebakken der Jan Erik har produsert kunstsnø.

Foto: Privat

Vill jubel frå ungane

Snøkanonen betalte han 4000 kroner for, og i tillegg måtte han ha ein høgtrykksspylar og ein luftkompressor.

– Det hadde eg jo allereie, så då var det eigentleg berre å lufte ideen for naboane, og ordne eit lite spleiselag.

Frå sin eigen hage står snøkanonen og spyr ut snø i akebakken i nabolaget – til stor glede for barna på 8 og 10 år.

– Det har vore vill jubel frå ungane. Dei har kosa seg, aka og hatt det artig. Det har vore god stemning i akebakken, fortel han.

Er du Trondheim sin mest populære pappa akkurat no?

– Kanskje. Eg veit ikkje. Eg håpar det. No har eg vel laga eit forventingspress, seier han og ler.

Jan Erik visste råd da snøen uteblei i akebakken.

– Litt som å starte opp med heimebrygging

Jan Erik står og speidar utover akebakken. Tydeleg stolt over arbeidet sitt.

– No er det heilt perfekt. Det er optimale forhold for kunstsnøproduksjon, seier han.

Å sette seg inn i kunstsnøproduksjon har likevel ikkje vore heilt problemfritt for trønderen.

– Eg skal innrømme det: Eg er ikkje ein snøproduksjonsekspert. Det er nok litt som å starte opp med heimebrygging. Det er prøving og feiling, vedgår han.

Det var puddersnø og stor suksess då Adresseavisen var på besøk for å lage reportasje.

Men så skulle han gjenta suksessen. Då hadde han tydelegvis gjort ein glipp.

– I staden for snø laga eg vatn. Det vart skøytebane i akebakken. Det var jo livsfarleg.

Jan Erik Domaas med eigen snøkanon

EIGEN SNØPRODUKSJON: I tillegg til snøkanonen måtte Jan Erik ha ein høgtrykksspylar og ein luftkompressor for å kunne produsere snø.

Foto: Morten Andersen / NRK

Fekk hjelp av snøekspert frå OL i Sotsji

Jan Erik måtte få eksperthjelp for å få tilbake puddersnø i den islagte akebakken.

– Då måtte eg hente inn litt ekspertise, så eg fekk nummeret til han som laga kunstsnø under OL i Sotsji i 2014. Vi går jo til høgaste kunnskapsnivå, fastslår han.

Snøeksperten heiter Geir Ødegaard Olsen. Han kunne fortelje at det var noko gale med lufttilførselen, og det stemte. Då Jan Erik fiksa det, fekk dei puddersnø i akebakken igjen.

– No har eg funne den optimale oppskrifta. Det er heilt magisk.

2020 var det varmaste året som er målt i Noreg. Ekspertane fryktar kortare og varmare vintrar i framtida.

Og kanskje blir snøkanon i norske hagar om vinteren like vanleg som trampoline om sommaren?

– Eg trur det. Eg har fått mange spørsmål om både pris og produksjon. Det er tydeleg at mange ynskjer å prøve det same, seier han.