Hopp til innhold

Slik bergar dei påskeskiføret

Minusgrader får fram store smil på Strandafjellet om dagen.

På alle skisenter så er det stor glede over kulden som har På alle skisenter så er det stor glede over kulden som har breidd seg over landet vårt den siste tida. På skisenteret i Stranda så puster dei letta ut. Endeleg har gradestokken blitt skikkeleg blå.

Foto/redigering: Jannicke Farstad

– Eg trur aldri eg har vore meir glad for minusgrader i heile mitt liv, seier Ellen-Beate Wollen som er marknadssjef i Strandafjellet Skisenter.

På alle skisenter så er det stor glede over kulden som har bredd seg over landet vårt den siste tida. Endeleg har gradestokken blitt skikkeleg blå. Marknadssjef Wollen kan puste letta ut.

– Forholda er veldig fine. Det har vore mildver og veldig lite snø, men i høgda har det kome mykje naturleg snø. Der er det fine forhold. Dessutan så har vi eit bra anlegg, så vi får produsert snø lengere nede i bakken også. No køyrer vi på overalt!

Kanonene går natt og dag

Sjølv om det ikkje snør, fører minusgrader til perfekte forhold for å skape snø. 17 snøkanoner går natt og dag.

Sjur Ringstad

Snø- og løypeansvarleg Sjur Ringstad på Stranda skisenter er takknemleg for kuldegradene som har kome.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Det er eigentleg ein ganske stor jobb å få snøen utover løypene, seier Sjur Ringstad som er snø- og løypeansvarleg på skisenteret.

Skisenteret har fullbemanning og cirka 20 000 kubikk blir produsert i døgnet for å gjere løypa klar til opning i helga.

– Sidan natt til laurdag har vi produsert nesten 100 000 kubikk, fortel Ringstad.

Vil berge påska

Over dei neste dagane håper skisenteret å kunne produsere såpass mykje snø at dei kan halde ope til påska er over.

– Første gong runde med kanonene er for å få ei god løype til å kunne opne, så er det for å berge påska som er slutt 24. april. Det er så seint at vi er nøydde til å ha ein god såle for å overleve påska, forklarer Ringstad.