Den varme og tørre sommaren har vore med på å senke vasstanden i norske vassmagasin, og samtidig sende straumprisane i taket. Prisane har aldri vore så høge som no, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Nye straumprognosar viser at straumprisen kan auke med tretti prosent i andre halvår, samanlikna med første. Dersom det stemmer, kan straumrekninga til ein vanleg husstand auke med over 4200, samanlikna med fjoråret.
Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt fryktar også at ein tørr haust kan føre til ei 50 prosent auke i straumprisen i Noreg til vinteren. Anna Barnwell er marknadssjef for bustad i Enova. Ho fortel at det er mangle enkle grep ein kan ta for å spare straum, men at det er viktig å starte tidleg.
– På vinteren er det vanskeleg å sette i verk tiltak som gir større effekt. Det er no du kan gjere noko med bustaden din.
Mest straum til oppvarming
Blant anna går inntil 60 prosent av energiutgiftene i ein vanleg einebustad til oppvarming, fortel Barnwell.
Anna Barnwell i Enova seier det er mange grep du kan ta dersom du vil spare straum.
Foto: LASSE BERRE– Du treng ikkje å sløse med straumen, men det er ikkje dei små tinga som å lade mobilen som utgjer den største forskjellen. Det betyr at dei viktigaste tiltaka gjeld korleis du regulerer varmen og kva du bruker som oppvarmingskjelde.
Ifølgje Barnwell kan ein redusere energiforbruket til oppvarming med cirka fem prosent ved å senke temperaturen frå 22 til 21 grader.
Du kan spare straum ved å senke temperaturen om natta.
Foto: Anette Torjusen / NRKEit anna tips er senke temperaturen om natta, enten manuelt eller med termostatstyrte omnar som automatisk skrur seg av når temperaturen er høg nok. På vinteren kan desse grepa utgjere 10–15 prosent av forbruket. Men også elles på året har det effekt.
– I tillegg kan du senke eller skru av temperaturen i rom som ikkje blir brukt. Eventuelt stenge døra slik at du slepp å bruke straum på oppvarming.
- Les også:
Langsiktige løysingar
Det finst også fleire meir langsiktige tiltak som kan kutte straumforbruket og betre energieffektiviteten. For eksempel kan du etterisolere dersom du likevel skal gjere noko med kledninga, golv eller tak. Du kan også velje meir energieffektive vindauge eller dører når desse skal bytast. Å montere tettelister på vindauge eller dører for å unngå kald trekk er også ei alternativ. Når bustaden held på varmen, treng ein ikkje å bruke like mykje energi til oppvarming.
Ei varmepumpe er ein større investering, men kan vere med på å gi lågare straumutgifter i det lange løp.
Foto: Lisbeth Fauske Løland / NRK– Etterisolering og energieffektive vindauge er blant tiltaka som verkeleg monnar. Eit anna tips er å spare på varmtvatnet. Du kan også vurdere å skifte til ei fornybar og effektiv varmekjelde, som for eksempel varmepumpe, seier Barnwell.
– Ein vedomn er eit godt supplement til anna fornybar oppvarming og er fint å bruke på vinteren, spesielt på dei kaldaste dagane.
Vedsalet har allereie starta for fullt.
Foto: Per Håkon Solberg / NRKEit anna tiltak som kan vere med på å kutte straumutgiftene er solcellepanel. Det er likevel vanskeleg å seie kor lønsamt dette er, då det er knytt til investeringskostnadane, noko som også vil variere.
– Med den solrike sommaren vi har hatt, så er det nok mange fått god effekt av panela sine. Kor mykje du sparar er avhengig av verknadsgraden av anlegget og straumprisen, seier Barnwell.
Dei automatiske straummålarane som dei fleste har fått i år, kan også vere med på å gi meir innsikt i når og kor mykje straum du bruker.
– Meir informasjon fører til større bevisstgjering og du kan enklare redusere straumforbruket, fortel Barnwell.
Meir interesse
Forbrukarrådet driv nettsida Strømpris, som samanliknar tilboda frå ulike straumleverandørar. Henrik Ebne i Forbrukarrådet fortel at det ofte er meir interesse for å bytte leverandør når prisane er høge.
Forbrukarrådet merker ei auka interesse for å bytte straumleverandør når prisane stig.
Foto: Ole Walter Jacobsen / Forbrukerrådet– Då vil folk undersøke om dei kan spare pengar på å bytte. Mange leverandørar har lokketilbod der du får billigare straum i for eksempel tre månader. Difor er viktig å undersøke vilkåra før du takkar ja. Elles kan du ende opp med ein dyrare avtale.
– Eventuelt kan du bytte leverandør når tilbodet er over, men då må du huske å melde deg av. Legg det inn i kalenderen er vårt råd, seier Ebne.