Hopp til innhold

Slik blir du kvitt vepsen

Syntest du det har vore mykje veps denne sommaren? Då er du ikkje åleine. Les tipsa for å halde vepsen unna her.

Kvepsefelle

SJÅ VIDEO: Slik gjekk det då Stine Marie Gulla lagde ei felle av lettøl og sukker for å ta knekken på den plagsame vepsen. Foto: Stine Marie Gulla.

– Eg opna dørene då varmen og sola kom att tidleg i august, men stova blei raskt invadert av veps. Ute aula det så mykje at vi ikkje kunne vere der. Det enda med at eg og ungane måtte sitte inne med stengde dører og vindauge, og sjå på finvêret, seier Stine Marie Gulla frå Ørsta.

Varme dagar, høge temperaturar og strålande solskin har prega landet denne sommaren. Men den varme sommaren har også bydd på ekstra mykje veps, noko som fleire har fått erfare.

Det har også vore meldt om unormalt mange vepsestikk denne sommaren. For nokre, spesielt dei med allergi, kan det vere farleg å bli stukken av veps. Det har difor dukka opp fleire tips for å halde vepsen på avstand. Nokre av dei kan du lese her.

Del dine beste tips for å halde vepsen unna nedst i saka.

Når gode råd er dyre

Vepsefelle

LETTØL: Ei blanding av lettøl og sukker skal ta knekken på vepsen.

Foto: Stine Marie Gulla / Privat

Ho er ein av mange som har blitt irritert over nærgåande veps denne sommaren. I frustrasjon over invasjonen la ho ut ein status på Facebook i håp om gode tips.

– Eg fekk mellom anna eit tips om blande lettøl og ein god del sukker, seier Gulla.

I håp om ei løysing på vepseproblemet valde ho å prøve ut tipset.

– Det fungerte verkeleg bra.

Gulla har allereie tømt fleire flasker fulle av veps.

– Så langt har vi sikkert kasta fleire hundre veps, seier ho.

– Ekstra mykje veps i år

– Ja, det er ekstra mykje veps i år, seier Preben Ottesen, som er avdelingsdirektør ved avdeling for skadedyr hjå Nasjonalt folkehelseinstitutt til NRK.

Ottesen forklarar vidare at det er mykje veps om lag anna kvart år, og ettersom det var lite i fjor, er det mykje i år. Vepsen har i tillegg nytta seg av den varme og fine sommaren, noko som også har bidratt til ein auke.

– Vi starta å samle inn tal i 2007, og i år har vi fått ekstra mange tilbakemeldingar frå skadedyrkjemparar om veps, seier han.

– Fruktdyrkarar på Vestlandet har også klaga over at det er verre i år enn tidlegare. Det brukar å vere ein god indikasjon på at vepsebestanden er stor, held han fram.

Søtstoff og protein

Likevel meiner Ottesen at vepsen ikkje er meir nærgåande no enn før. Han fortel at gjennom sommaren er vepsen svært opptatt med å skaffe mat til larvar og andre individ i bolet.

Preben Ottesen

VEPS: Preben Ottesen seier det er ekstra mykje veps i år.

Foto: Pressebilde / FHI

– Då er det proteinrik mat som står på menyen, seier han.

Så dersom du har opplevd mykje veps rundt grillbordet denne sommaren veit du kvifor.

– Dei er på jakt etter mellom anna kjøttrik mat ettersom det inneheld mykje protein, og av ein eller annan grunn er dei svært glad i kokt skinke, seier Ottesen og ler.

På seinsommaren og utover hausten går vepsesamfunna i oppløysing. Det blir ikkje lenger produsert larver i bolet, og vepsane leitar no etter mat til seg berre seg sjølv.

– Dei blir på ein måte arbeidsledige, og då er det som regel søtstoff som lokkar dei. Det fungerer som ein slags bensin eller diesel for vepsen, forklarar Ottesen

Då vil søtsaker som saft, brus og syltetøy i tillegg til naturlege søtstoff som lokkar vepsen. Har du slike ting ståande framme vil det lett kunne trekkje til seg veps.

Ottesen forstår at nokre synest vepsen er nærgåande.

– Akkurat no er det høgsesong for veps. Når han i tillegg flyg rundt utan mål og meining kan han virke stressa og innpåsliten. Det er noko som skjer kvart år, seier han.

Vepsefeller

Ottesen trur vepsefella som Gulla har nytta seg av er ei god løysing for å ta knekken på vepsen.

Kvepsefelle

VEPSEFELLE: Lag enkelt di eiga vepsefelle av ei tom brusflaske.

Foto: Privat

– Du får òg kjøpt eigne vepsefeller som er konstruerte på ein slik måte at vepsen lett kjem seg inn, men ikkje ut. Ofte er desse tilsett søtstoffer som lokkar til seg vepsen, seier han.

Ottesen forklarar at desse ofte er v-forma, noko som gjer at vepsen får problem med å kome seg ut.

– Då blir dei ofte fanga, sit fast eller druknar dersom væska i fella er høg nok, seier han.

Eit kjerringråd i kampen mot veps er å bruke ei heimelaga felle, inspirert av dei v-forma fellene. Denne kan du enkelt lage heime.

Ta ei ein og ein halv liters flaske og skjer av den øvre delen av flaska. Deretter tek du den øvre delen av flaska, snur den opp ned og plasserer den ned att i flaska.

Så fyller du flaska med ei blanding av honning, vatn, gjær og juice. Det skal trekkje til seg vepsen.

Ifølgje ein tipsar vil denne blandinga også hjelpe mot myggen. Ei blanding av gjær og sukker fører produksjon av Co2, noko myggen blir tiltrekt av.

Meir skade enn nytte?

Ottersen er likevel ikkje sikker på om vepsefellene gjer meir nytte enn skade.

– Det vil vere naturleg å tenke at dersom ein set noko søtt på altanen for å kvitte seg med vepsen, så kan det ha motsett effekt, fortel han.

– Det kan difor vere lurt å vurdere om vinninga går opp i spinninga, held han fram.

Dette er ein problematikk også Gulla har opplevd.

– Tipset fungerte verkeleg bra. Det einaste er at det trekkjer til seg mykje veps. Så sett gjerne flaska, eller bøtte med lok som har hol i, eit stykke unna der ein skal opphalde seg, anbefaler ho.

Det kan difor vere lurt å ikkje plassere fella i det umiddelbare nærområdet.

Ein pose vatn

Og så til eitt av dei meir utradisjonelle råda for å halde vepsen unna. Det blir sagt at dersom du tek ein gjennomsiktig pose, fyller han med vatn og heng han opp, så vil det halde vepsen unna. Ottersen er derimot usikker på effekten av dette tipset.

felle

VATN: Ein pose med vatn skal visst nok halde vepsen unna.

Foto: Privat

– Eg fekk høyre dette tipset her ein dag, og eg trur det er det raraste tipset eg har høyrt, seier han lattermild.

– Eg har ikkje heilt trua på at det fungerer. Sjølv om posen inneheld vatn, så er eg ikkje sikker på om tipset held vatn, ler han.

Hald deg roleg

Å utrydde vepsen fullt og heilt er ynskjetenking for nokre, men lite realistisk. Ottersen har difor eit tips han meiner er viktig.

– Hald deg roleg. Vepsen er ikkje ute etter å stikke, men dersom han føler at bolet eller han sjølv blir truga, så vil han kunne angripe og stikke, seier han.

Vifting med hender vil difor ikkje hjelpe.

– Då blir vepsen berre meir stressa og flyg raskare rundt. I tillegg aukar det sjansen for å bli stukken.

Har du gode tips for å halde vepsen unna? Del dei gjerne med oss.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL