Hopp til innhold

Ber folk vere varsame med å fjerne vepsebola

Tykkjer du det summar ekstra mykje av illsinte veps i år enn i fjor? Då har du i så fall heilt rett. Det er vepseår, og ekspert meiner at du skal vere varsam med å fjerne bola sjølv.

Kveps veps

SØTSUGAR: Vaksne vepsar er svært opptekne av å finne sukker, anten i form av blomenektar – eller som her; ei krukke med honning.

Foto: NRK

Gjennom sommaren har vepsebola vakse seg store, og talet på veps er større i år enn i fjor. Dette får vi merke no i august, ikkje minst dei dagane då sola varmar. Då flyg vepsen ut av bola for å finne næring.

– Grunna det milde vêret vi har hatt i år, så er det nok eit aukande problem også med veps, seier Per Olav Erikstad i skadedyrfirmaet Agila Vest til NRK.

– Kan vere farleg

Han og dei andre tilsette i verksemda har den siste veka vore rundt i fylket og fjerna fire, store vepsebol frå private bustader. Ein jobb han på ingen måte vil tilrå at privatpersonar gjev seg inn på.

– Eg får jo av og til spørsmål om kva folk kan gjere sjølv, men eg tilrår at folk er veldig, veldig varsame fordi veps kan vere farleg. Ein reagerer ulikt, og reagerer ein feil så kan det gå skikkeleg gale, meiner Erikstad.

Fjernar fleire bol

Når dei tek på seg oppdrag med å fjerne veps frå eit hus eller ein annan eigedom, så kler dei seg i verneutstyr og har med utstyr dei færraste vanlegvis kan bruke.

– Vi kan bruke kjemiske middel som til dømes spraying. Men er det mogleg så tek vi det vekk med andre metodar. Vi kan til dømes putte bolet i ein sekk og bere det vekk. Då fjernar vi alt, og vepsen vil ikkje kome tilbake til den staden, slår Erikstad fast.

Normalt vert annakvart år, som regel partalsår, rekna som vepseår. Så det skulle tilseie at det er – og kan bli temmeleg ille no i år.

Størst i august

– Akkurat kor mange veps det er varierer frå år til år, og gjennom sesongen. Tidleg på sommaren er det berre dronninga som har overvintra og som å starte opp ein ny koloni.

Tone Birkemoe

EKSPERT: Professor Tone Birkemoe.

Det fortel Tone Birkemoe, professor ved institutt for naturforvaltning ved Universitetet for miljø- og biovitskap. Ho har sjølv ikkje sett så mykje veps i år, men tvilar ikkje på at det faktisk er eit såkalla vepseår.

– Det kjem an på kor mange egg ho klarer å leggje, og kor mange arbeidarar ho klarer å fore opp. Det har nok vore eit godt år i år, og då har dei fått mange arbeidarveps som byggjer opp kjempestore koloniar. No i august er koloniane på det største, seier Birkemoe.

Ville fjerna bolet

– Men kva funksjon har eigentleg vepsen i naturen?

– Dei vaksne vepsane et mest sukker, og går i blomane etter nektar. Kvefs kan bidra til pollinering, men ikkje i same grad som bier og humler. Vepsane er ute og hentar dette og tek med tilbake til reiret. Når dei hentar alle desse insekta, så kan det tenkast at vepsen avgrensar andre insekt som kunne vore skadedyr for oss menneske, seier professoren.

Men om du sjølv tykkjer at vepsen kan vere temmeleg irriterande for oss menneske, så er professoren samd i det. Også ho tilrår at store vepsebol i nærleiken av menneske blir fjerna.

– Det er jo mange som reagerer, så eg vil jo seie at dersom du har eit vepsebol du kan bli plaga av, så ville eg prøvd å fjerne det, slår Birkemoe fast.