Hopp til innhold

Bøndene forsvarar slakt av 5000 kalvar for å få mindre kjøt: – Ikkje nok å sette ned prisen

For å få ned kjøtoverskotet blir tusenvis av kalvar slakta før tida, men det blir møtt med kritikk. Bonde Konrad Kongshaug meiner det er naudsynt.

Bonde på Averøy, kalv.

SLAKT: Det er kalv mellom 12 og 24 veker gamle som no skal til slakt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

I august sette Nortura ned prisen på storfekjøtt med fire kroner. Likevel ser dei at det vil vere for mykje kjøtt på lager framover, og eitt tiltak er å slakte 5000 kalvar, for å få mindre kjøtt på lager.

– 5000 kalv høyrest mykje ut, men vi må ikkje gløyme at det blir fødd over 300.000 kalvar kvart år. Det er litt viktig at vi tenker over.

Det seier Konrad Kongshaug, som er styremedlem i Norges Bondelag. Han forklarar at i 2020 vart dei bedt om å produserer meir kjøtt, på grunn av pandemien. Det er dette ein no ser resultatet av.

– Det er langsiktige produksjonar, den effekten vi får no, er planlegging som vart gjort i 2020.

Les også Aldri hatt mer storfekjøtt på lager – skrur likevel opp prisen

Kjøttdeig

Ikkje nok å sette ned prisen

Kritikarane meiner ein heller bør sette ned prisen, det meiner Kongshaug ikkje vil vere nok.

– No er det ein gong slik at prisen er sett ned ganske mykje, den som produserer skal også ha ein økonomi i produksjonen sin.

Konrad Kongshaug ser rett inn i kamera. Han står i ein fjøs, og er omringa av kyr.

Konrad Kongshaug er bonde på Averøya. I tillegg er han styremedlem i Norges Bondelag.

Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRK

På matvarebutikken Coop Mega ser dei at kundane vel meir av dei billegare produkta no enn før. Men om prisen på kjøtt skulle bli endå billegare, trur ikkje Coop at det vil føre til meir sal.

– Det er vanskeleg å seie. Helsemyndigheitene anbefaler oss å ete mindre raudt kjøtt, slik at om ein kuttar i prisen så betyr det nok ikkje at vi kjem til å selje meir, seier Harald Kristiansen, kommunikasjonssjefen i Coop Noreg.

Mellom anna har butikken sett ned prisen på kjøttdeig og karbonadedeig, men førebels kan dei ikkje sjå ei større auke i salet.

– Men vi veit at pris er veldig viktig for kundane våre. Vi ser at folk er meir nøye på kva dei legg i handlekorga.

Harald Kristiansen, som er kommunikasjonssjef i Coop Norge. Han har kort hår, briller og en rød hettejakke med Coop Extra-logo på.

Harald Kristiansen er kommunikasjonssjef i Coop Noreg.

Foto: Espen Solli

Folk vel det billegaste

For dårlege økonomiske tider fører til at folk endrar vanane sine på butikken også. Fleire vel no dei billegare alternativa når det kjem til mellom anna kjøtt.

– Vi ser ein heilt klar trend at det er dei billigaste produkta kundane våre jaktar på.

Han peiker også på at dei er spent på å sjå om folk sluttar å ta seg rå til å gå ut å ete på restaurant, og heller lage meir mat heime. Slik som ein kunne sjå under pandemien.

Dane Cekov er seniorstrateg i Nordea, og trur prisane vil falle endå meir.

– Det er grunn til å tru at prisane på kjøtprodukt vil halde fram å gå ned i månadene som kjem i takt med at leverandørane ønsker å få unna dei store lagra dei sit på.

Ei ku ser rett inn i kamera.
Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRK

Gjer også andre tiltak

Å slakte 5000 kalvar er ikkje eit tiltak Konrad Kongshaug ønskjer, men for å nå det totale målet, må dei gjere dette, hevdar han.

Dei gjennomfører også ein del andre tiltak for må minimere mengda kjøtt. Mellom anna sett dei ned vektgrensa på vaksne dyr.

Bonde Finn Roger Trodal skulle helst ha sett alle kalvane sine få vakse opp og vere med han ut på beite, men han er optimistisk for situasjonen.

– Eg utfordrar forbrukaren til å ete mykje norsk mat, så ordnar dette med lagra seg, seier Trodal.

Ein bonde står med ein raud arbeidsdress på seg.

Bonde Finn Roger Trodal i Averøy.

Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRK