Hopp til innhold

Slik vil dei løyse eggknipa i Noreg

Produsentane tar fleire grep for å løyse eggmangelen. Målet er fleire egg i butikkhyllene innan utgangen av neste månad.

K-VPKfxUqag

WALK ON EGGSHELLS: Eggmangelen kan vare heilt til påske, men no gjer Nortura fleire grep for få ein stopp på eggkrisa.

Foto: AFP

Eggmangel som kan vare heilt til påske har fått omelett-glade nordmenn til å skjelve.

No tar Nortura, som har ansvar for eggmarknaden i Noreg, fleire grep for å løyse knipa:

  • Dei hentar tilbake produsentar som er stilt i bero
  • Dei ber regjeringa om å innføre lågare tollsatsar
  • Dei oppmuntrar til å få fleire bønder på bana

I sum håpar dei at tiltaka vil sørgje for fleire egg i butikkhyllene frå slutten av februar.

Eggmangel er ikkje eit nytt fenomen.

I 2004 vart det muntert under spørjetimen på Stortinget då Lars Sponheim svarte på kva han ville gjere for å unngå alvorleg eggmangel til påske.

Kvar mann si høne, kvitterte han.

8BZ3WXTw-Pw

Nortura har sendt brev til Landbruksdepartementet, der dei ber om lågare tollsatsar på heile egg.

Foto: AFP

Hentar tilbake produsentar

Sidan mai i fjor har nordmenn opplevd tomme og halvtomme egghyller i butikkane.

Bakgrunnen er svak krone og stor etterspurnad i Europa på grunn av sjukdomsutbrot. Summen gjer at fleire norske egg har hamna på kontinentet.

Men for nokre månadar sidan var situasjon var heilt annleis.

Då gjorde overproduksjon av egg at Nortura «kjøpte ut» 13 produsentar.

eggprodusent bernt bjørnstad

Nortura har valt å hente tilbake eggprodusentar som blei kjøpt ut i fjor.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Eggprodusent Bjørn Petter Rygg meiner at Nortura bør hente fleire av dei «kvilande» bøndene tilbake i produksjon.

– Dei bør få dei på bana igjen, seier produsenten frå Hyen.

Og det har Nortura no lytta til.

– Vi har henta dei fleste tilbake i produksjon, men det vil ta litt tid før vi ser effekten av det. Hønene treng litt tid før dei byrjar å verpe, seier konserndirektør Kjell S. Rakkenes i Nortura.

Konserndirektør Kjell S. Rakkenes i Nortura er bekymret etter at bedriften han ble utsatt for et dataangrep 21. desember 2021. Bildet er tatt hjemme hos ham på Nannestad.

Kjell S. Rakkenes har sett i gong fleire tiltak for å få ein slutt på eggkrisa i Noreg.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Vil ha lågare toll

På toppen har Nortura denne veka sendt brev til Landbruksdepartementet, der dei ber om lågare tollsatsar på heile egg.

– Vi håpar at dette vil gjere det enklare for industrien å importere denne innsatsfaktoren sjølv, seier Rakkenes.

Les også Prognose for 2024: 20 millionar egg for lite

Egg hos Steinsland

Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) er tydeleg på at Nortura skal prioritere norske egg i butikkane.

– Brevet skal vi vurdere og raskt gje eit svar på. Industrien skal ta dei egga som blir importert, seier Pollestad.

Et stort brett med 30 egg.

Europa har ved hjelp av ei svak krone forsynt seg grovt av norske egg.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Vi kan trenge fleire bønder

Det er ikkje berre i Europa som skrik etter egg, også her heime har nordmenn blitt meir opptatt av å ete egg.

Kritikarar har peike på kolesterol-verdiane, medan tilhengarane meiner egg gjev alle dei viktige næringsstoffane utanom C-vitamin.

Seinare år har forsking vist at egg ikkje er så dårleg for kolesterolet likevel.

– Totalt sett fekk deltakarane som åt tre heile egg kvar dag i seg meir vitamin, mineral og andre viktige næringsstoff enn dei andre deltangane, seier ei stor undersøking i USA.

Les også Silje har ikke råd til å slutte som bonde: – Det er deprimerende

Silje Skarstein

I Noreg auka etterspurnaden med 2 prosent i fjor.

– Held auka fram, så vil vi trenge fleire bønder i Noreg. Noko som er positivt for landbruket, seier konserndirektøren i Nortura.

Bjørn Petter Rygg og Solfrid Utheim Rygg

Eggprodusenten i Hyen forstår frustrasjonen til kundar som kjem til tomme hyller. – Eg synast det er kjipt og trist både for næringa og for kundane, seier han.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Les også Difor er det bråk i bøndene sitt eige samvirke

Nortura Forus