Hopp til innhold

Tilsette skuffa over organiseringsplanar

Fleire av dei tilsette ved lokalsjukehusa er skuffa etter at direktøren i Helse Møre og Romsdal ikkje ville ha eigen leiing på kvart av sjukehusa.

Ralph Herter

Dei tilsette ved Molde, Kristiansund og Volda sjukehus er skuffa over at direktøren i Helse Møre og Romsdal ikkje ville ha eigen leiing på kvart av sjukehusa.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I dag gav direktøren klar beskjed om at det ikkje blir ein eigen leiar på kvart av die lokale sjukehusa slik dei ønska seg i Volda, Molde og Kristiansund.

Espen Remme

Espen Remme ønsker å samle helseføretaket.

Foto: Remi Sagen / NRK

Helseføretaket går i staden inn for ei tverrfagleg leiing som sjukehuset i Ålesund ønska.

Det skjer same dag som Stortinget slår fast at det skal vere leiing til stades på sjukehusa.

– Eg har vore opptatt av å samle Helse Møre og Romsdal. Vi må tenke samla, prøve å bygge ned stridane og heller la fagfolka samarbeide for å gi eit best mogleg tilbod. Ambisjonen min er at vi skal samle helseføretaket, seier Espen Remme, direktør i Helse Møre og Romsdal.

Svært skuffa

Remme meiner at ei organisering på tvers av sjukehusa legg betre til rette for kunnskapsdeling og standardisering av tenestene, noko som igjen reduserer variasjon.

Bernd Müller

Bernd Müller, tillitsvalt for overlegane ved Molde sjukehus er skuffa over vedtaket.

Foto: Roar Strøm / NRK

I Kristiansund er dei tilsette svært skuffa over vedtaket. Dei har etterlyst ein stadleg leiar i mange år.

– Molde, Volda og Kristiansund sjukehus har vore einige i våre høyringsutsegn og argumentert for kvifor vi meiner ein hybridmodell hadde vore betre enn tversgåande løysing. Det er berre sjukehuset i Ålesund som ønska den andre modellen, seier Ralph Herter, tillitsvalt for overlegane ved Kristiansund sjukehus.

Også i Molde er dei tilsette skuffa.

– Vi synest det er underleg at dei no har valt ein modell som stridar imot det som helse og omsorgskomiteen krev, nemleg at det bør vere ein stadleg leiar ved norske sjukehus, seier Bernd Müller, tillitsvalt for overlegane ved Molde sjukehus.

Avviser påstandane

Remme avisar derimot at dette gir meir makt til sentralsjukehuset i Ålesund og presiserer at klinikksjefen også kan bli sittande på eit av dei andre sjukehusa.

– Vi er ansvarleg for fire sjukehus og alle pasientane i Møre og Romsdal, og då må vi klare å kombinere det å vere samla og det å vere ute på sjukehusa der pasientbehandlinga skjer, seier direktøren.

– Det kan hende nokon vil tenke at Ålesund har vunne fram her, men for meg er ein pasient på Smøla like viktig som ein pasient i Vanylven, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL