Hopp til innhold

Nordøyvegen blir forseinka

Prosjektet Nordøyvegen fekk ikkje ståkarakter under kvalitetssikringa. Dermed må prosjektet tilbake til nye utgreiingar i Statens vegvesen. Dette fører til forseinkingar.

Nordøyvegen

Nordøyvegen skal gje 3200 innbyggjarar på Nordøyane fastlandssamband. No er prosjektet sett på vent i samband med kvalitetssikringa.

Foto: NRK

Etter ei runde med kvalitetssikring blir heile prosjektet sendt tilbake til Statens vegvesen. Det skal lagast eit nytt forprosjekt, og saka kjem opp til ny politisk behandling på nyåret. Prosjektet er kostnadsrekna til 2,6 milliardar kroner.

Heile prosjektet Nordøyvegen har vore gjennom ein prosess med kvalitetssikring av kostnader og tekniske løysingar. Det er dette som blir kalla ein KS2. No har svaret frå konsulentane kome, og resultatet er at prosjektet er sendt tilbake til Statens vegvesen.

– Det har kome nokre identifiserte utfordringar i forhold til Lepsøybrua. Det har ført til all dokumentasjon ikkje ligg på det nivået som blir forventa. Difor har vi i dag ikkje nokon endeleg kvalitetssikringsrapport. Konklusjonen let dermed vente på seg, seier samferdslesjef i Møre og Romsdal Arild Fuglset.

Statens vegvesen må no gå tilbake og gjere fleire undersøkingar. Dette må gjerast før den endelege rapporten kan leggast fram.

Folk i Haram skuffa

I Haram er folk skuffa, og fryktar at innvendingane frå konsulentane skal føre til forseinkingar.

Politikarane her og dei som bur på øyane har venta og venta på Nordøyvegen. Vi hadde trudd på ei avklaring i dag. Derfor var dette ei skuffande melding å få, seier ordførar i Haram, Bjørn Sandnes.

Arild Fuglset seier at det fyrst og fremst er kryssinga av Lepsøyrevet som gjorde at Nordøyvegen stranda i kvalitetssikringa.

Når vi har funne det mest aktuelle alternativet skal dette gjennom eit forprosjekt. Deretter skal kostnadsanslaget oppdaterast. Når det er gjort, i løpet av hausten, vil konsulentane som driv kvalitetssikringa gjennomføre sine berekningar.

– Dermed blir det litt forseinkingar i forhold til det som var den opphavlege planen, legg Fuglset til.

Nye løysingar for Lepsøybrua

No må det sentrale styringsdokumentet for Nordøyvegen gjerast om. Det må utviklast løysingar til eit ferdig forprosjekt. Og dei viktigaste usikkerheitsfaktorane ved prosjektet må bort.

Hovuddiskusjonen handlar om forskjellige fundamenteringsløysingar for Lepsøybrua. Dette gjeld spørsmål som om brua skal fundamenterast på pælar eller senkekasser. Det er også eit spørsmål om det skal brukast stål eller betong på sjølve brua.

Dette må utgreiast til eit ferdig prosjekt før det kan trekkjast konklusjonar, seier Fuglset.

– Er de skuffa no?

Ja, det blir ei utsetjing, men lengda på utsetjinga er litt usikker. Vi skal kvalitetssikre ikkje berre kostnadene, men også sjølve finansieringa. Så vi måtte uansett bruke meir tid enn det vi såg for oss tidlegare. No reknar vi med at saka kan vere klar for politisk behandling ut på nyåret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL