NRK Meny
Normal

– Det skal mykje til for at vi snur ryggen til Nordøyvegen

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) trur ikkje fylkespolitikarane vil sette Nordøyvegen på vent. Nok ein gong er det skapt uro kring fastlandssambandet tre milliardar kroner på grunn av økonomien i fylkeskommunen.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) trur ikkje fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik vil få med seg fylkespolitikarane på å sette Nordøyvegen på vent.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkestinget har gjort vedtak om at vegen som skal binde øyane i Sandøy og Haram til fastlandet skal byggast.

Før fylkestingsmøtet måndag skreiv Sunnmørsposten om fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik, som meiner at Nordøyvegen må bli utsett på ubestemt tid. Han er bekymra for utviklinga i økonomien i fylket og ber fylkesordøraren og fylkespolitikarane om full investeringsstopp.

Jon Aasen sjølv, meiner det ikkje er aktuelt å gå tilbake på vedtaket som er gjort om å bygge bru- og tunnelsambandet, som vil koste vel tre milliarder kroner.

– Det skal mykje til for at vi snur ryggen til Nordøyvegen.

Kostbart vegprosjekt

Ottar Brage Guttelvik

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik er bekymra for økonomien til fylkeskommunen og vil utsette Nordøyvegen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Nordøyveg-prosjektet vil erstatte to fylkesvegferjesamband samt eitt hurtigbåtsamband og vil gje fastlandssamband for rundt 3200 menneske som er busette på Nordøyane.

Nordøyvegen er eitt av dei mest kostbare prosjekta som står for tur for fylkeskommunen. Sjølv om økonomien til fylkeskommunen er utfordrande, meiner fylkesordførar Jon Aasen (Ap) at bygging av sambandet let seg gjennomføre.

– Fylkekommunen sin økonomi er grei i dag. Men dersom vi gjennomfører alt vi ønskjer å gjere, så får vi ein veldig anstrengt økonomi, slik at vi må prioritere hardare framover.

Les også:

Nordøyvegen

Slik er fastlandssambandet for Nordøyane planlagt. Det blir tunnel frå Harøya til Fjørtoft og vidare til Flemsøy/Skuløy, der det frå før går bru over til Haramsøya. Ein ny tunnel vil gå derifrå til Lepsøya, og så er det lagt opp til bru til Skjelten på fastlandet i sør.

Foto: NRK

Låg rente og ferjeavløysingsmidlar

Både ei historisk låg rente og ferjeavløysingsmidlane har betra vilkåra for Nordøyvegen. Dette er midlar som staten ville ha brukt til å drive eit ferjesamband, og som i staden blir brukte til å bygge brua, tunnelen eller vegen som erstattar ferjene.

Regjeringa gjekk i mai inn for at ordninga med ferjeavløysingamidlar kan gjelde i 40 år, og med ein sum på 15 millionar kroner per ferje.

I juni kjem ein ny rapport som skal kvalitetssikre prosjektet og då vil ein få eit endå klarare svar, seier Aasen.

– Eg har ikkje noko grunnlag for å tru at den kvalitetssikringa vil avvike frå det vi har trudd fram til i dag.