Hopp til innhold

– Nordøyvegen kan føre til fleire arbeidsplassar

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal trur vegprosjektet Nordøyvegen kan vere det beste mottiltaket mot arbeidsløysa i fylket.

Møte i fylkesutvalet 310815

Måndag møttest fylkesutvalet i Møre og Romsdal. Der gav dei klarsignal om å kjøpe grunn til Nordøyvegen-prosjektet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er eit stort prosjekt på tre milliardar kroner som kan setjast raskt i gang. Dersom nokon tek initiativ og handlar, kan denne saka bli behandla i Stortinget i løpet av året.

Det sa Oddbjørn Vatne frå Senterpartiet då fylkesutvalet i dag vedtok å starte tiltaka for å sikre seg grunnområde til Nordøyvegen.

Stort behov for arbeid

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne frå Senterpartiet trur Nordøyvegen kan føre til fleire arbeidsplassar i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ambisjonen er anleggsstart på Nordøyvegen hausten om eitt år. Då er det få andre store prosjekt som er under planlegging, meiner Vatne.

– Tresfjordbrua opnar no 24. oktober, og så har vi Fv. 60 Røyr-Hellesylt som skal vere ferdigstilt neste år. Etter det er det få planlagte anleggsprosjekt i Møre og Romsdal, seier Vatne.

Han meiner at ferdigstillinga av desse prosjekta vil føre til eit behov for meir arbeid i fylket.

– Bransjen tek kontakt med meg som leiar i samferdselsutvalet og spør om og når det kjem nye prosjekt. Anleggssektoren treng arbeid, og ein mangel på nye prosjekt vil kunne føre til ei arbeidsløyse i denne bransjen, seier Vatne.

KS2-rapporten er avgjerande

Tysdag kjem KS2-rapporten som avgjer om Nordøyvegen-prosjektet er realistisk, og som kvalitetssikrar kostnader og tekniske løysingar på gigantprosjektet.

Det som står i rapporten vil vere ein avgjerande milepæl for om Nordøyvegen skal byggast eller ikkje.

– Realiseringa av Nordøyvegen er sjølvsagt avhengig av det som står i rapporten. Eg håpar det ikkje kjem dei store negative overraskingane i morgon, og at prosjektet let seg gjennomføre, seier Vatne.

Nordøyvegen

Slik er fastlandssambandet for Nordøyane planlagt. Det blir tunnel frå Harøya til Fjørtoft og vidare til Flemsøy/Skuløy, der det frå før går bru over til Haramsøya. Ein ny tunnel vil gå derifrå til Lepsøya, og så er det lagt opp til bru til Skjelten på fastlandet i sør.

Foto: NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL