Hopp til innhold

Trur ikkje Nordøyvegen er i fare

Ordføraren i Haram, Bjørn Sandnes frå Høgre, tar uroa rundt Nordøyvegen med stor ro. Fylkesrådmannen vil utsetje bygginga vegbygginga fordi fylkeskommenen har lite pengar.

Bjørn Sandnes

Bjørn Sandnes lar seg ikkje vippe av pinnen sjølv om fylkesrådmannen foreslår utsetjing av Nordøyvegen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Sandnes lar seg ikkje skremme av at fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik rår fylkestinget til å utsetje bygginga av Nordøyvegen på ubestemt tid.

– Eg trur det politiske fleirtalet i fylkestinget om å byggje Nordøyvegen står fast, seier Sandnes.

Politisk semje

Det var tidlegare i dag det blei kjent at fylkesrådmannen vil rå fylkestinget til å utsetje bygginga av vegsambandet som vil koste vel 3 milliardar kroner. Årsaka er at gjelda til fylkeskommunen nærmar seg ni milliardar kroner. Sunnmørsposten skriv at Guttelvik vil be fylkestinget vedta investeringsstopp for alle nye prosjekt.

Ottar Brage Guttelvik

Ottar Brage Guttelvik meiner fylkeskommunen har så vanskeleg økonomi, at bygginga av Nordøyvegen bør utsetjast.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– I forhold til det som skal fram i Fylkestinget, kan eg ikkje sjå det blir noko utsetjing. Det har jo vore politisk semje om bygging av vegen, og det har det vore i lang tid. Så dette går sin gang, seier Sandnes til NRK.

Ingen dramatikk

Haramordføraren forstår at folk kan bli uroa av oppslaga i media om utsetting av sambandet.

– Men eg trur ikkje det ligg noko stor dramatikk i dette, seier han.

– Men den økonomiske situasjonen har forverra seg?

– Ja, men ikkje sidan saksdokumenta til fylkestinget blei sendt ut. Så eg kan ikkje skjøne at der har kome noko nytt i saka, seier Sandnes.

Nordøyvegen

Slik er fastlandssambandet for Nordøyane planlagt. Det blir tunnel frå Harøya til Fjørtoft og vidare til Flemsøy/Skuløy, der det frå før går bru over til Haramsøya. Ein ny tunnel vil gå derifrå til Lepsøya, og så er det lagt opp til bru til Skjelten på fastlandet i sør.

Foto: NRK

Ordføraren viser også til at ferjeavløysingsmidlane har betra vilkåra for prosjektet. Dette er midlar som staten ville ha brukt til å drive eit ferjesamband, og som i staden blir brukte til å bygge brua, tunnelen eller vegen som erstattar ferjene. Regjeringa gjekk i mai inn for at ordninga med ferjeavløysingamidlar kan gjelde i 40 år, og med ein sum på 15 millionar kroner per ferje.

Ferjefritt

– Ferjeavløysingsmidlar saman med den historisk lave renta, gjer at alt går i positiv lei for Nordøyvegen og også andre prosjekt, meiner Bjørn Sandnes.

Nordøyvegen vil gi fastlandssamband til rundt 2900 innbyggarar i Haram og Sandøy kommunar. Planane om å knyte saman øyane blei lasert på 1980-talet. Prosjektet omfattar tre fjordkryssingar, bruer og tunnelar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL