Hopp til innhold

Nordøyvegen sikra: Politikarane jublar

– Ei gladmelding for Møre og Romsdal, seier ein svært nøgd Frank Sve.

Frank Sve

Fylkesleiar Frank Sve jublar over beskjeden han i dag fekk frå regjeringa.

Foto: Trond Vestre / NRK

Frank Sve (Frp) fortel til NRK at regjeringa har gått inn for 40 år med ferjeavløysingsmidlar, med ein sum på 15 millionar per ferje.

Han er svært nøgd med at pengane, som ville ha blitt brukt til ferjedrift, no blir sett av til bygging av vegar, bruer og tunnelar som erstattar ferjene. Dette betyr at bygginga av Nordøyvegen i Haram og Sandøy er sikra.

– Berre heis flagget! Nordøyvegen blir realisert, fortel Sve.

Med to ferjer i sambandet gir det 30 millionar kroner årleg i 40 år.

– Dette er ein stor dag for Møre og Romsdal, og vil gjere det mogleg å realisere fleire store prosjekt.

Jubel for fleire

Oddmund Langlo, Styreformann i Storfjordsambandet

Styreformann Oddmund Langlo gler seg over ferjeavløysingsmidlane.

Foto: Privat

For storfjordsambandet, Aursnes–Magerholm, betyr dette at dei får 1,2 milliardar kroner til utbygging. Styreformann i sambandet, Oddmund Langlo, har også hatt ein svært positiv dag.

– 1,2 milliardar kroner kommer veldig godt med no når vi planlegger tunnelen frå Hole i Velledalen til Engeset på Stranda.

Med denne tunnelen slepp ein å køyre over Strandafjellet, som er ei ugunstig rute på vinterstid.

Langfjordkryssinga mellom Molde og Åndalsnes vil få like mykje.

– Det å sleppe ferjene vil bety mykje for innbyggjarane. Vi har jobba med dette i mange år, og no får vi det endeleg på plass, seier Sve.

Han tviler på at der finst nokon som ikkje er glade for å få denne beskjeden. Alle partia har kjempa for å få denne ordninga på plass for Møre og Romsdal.

– Alternativet er at Staten betaler for ferjesambandet til evig tid. Dei store summane er vekk. Det er god samfunnsøkonomi, og eit godt tiltak for innbyggjarane og næringslivet, seier Sve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL