Hopp til innhold

29-åringen har størst formue i Noreg

Salmar-arving Gustav Magnar Witzøe toppar lista over dei under 30 med størst formue i 2021.

Gustav Magnar Witzøe

HAR STØRST INNTEKT: Laksemilliardær Gustav Witzøe toppar lista over dei mes størst inntekt i 2021.

Foto: Gitte Paulsbo / NTB

I tillegg toppar 29-åringen også lista over dei i Noreg med størst formue. Ifølge skattelistene hadde han i 2021 ei formue på 19.796.945.077 kroner og ei inntekt på 1.207.825.884. Han toppar også lista over dei som skattar mest.

Gustav Magnar Witzøe er mest kjent som arving til sjømatselskapet SalMar som faren hans etablerte i 1991.

Witzøe eig i dag store deler av aksjane i det børsnoterte selskapet. 29-åringen jobbar også som modell.

Her er heile lista:

Topp ti under 30

Navn

Fødselsår

Nettoinntekt

Nettoformue

Beregnet skatt

Kommune

Gustav Magnar Witzøe

1993

1 207 825 884

19 796 945 077

551 393 215

Frøya

Alexandra Gamlemshaug Andresen

1996

482 672 538

4 939 984 145

195 698 755

Moss

Katharina Gamlemshaug Andresen

1995

239 066 560

4 911 511 920

117 469 688

Oslo

Karl Edvard Johannson

1996

0

2 270 717 011

19 288 345

Oslo

Finn Hartvig Johannson

1994

514 037

2 270 187 596

19 451 842

Oslo

Peder Oskar Johannson

1999

263

2 268 101 010

19 266 109

Oslo

Knut Fredrik Natvig Aspelin

1993

13 192 462

1 184 105 672

14 200 093

Oslo

Christian Ringnes

1992

64 109 770

747 705 406

26 629 270

Oslo

Mathias Varner

1999

35 077 434

684 699 394

16 907 623

Bergen

Henrik Varner

1996

35 031 791

663 265 678

16 707 313

Oslo

Dei rikaste under 30

Andresen-søstrene kjem etter Gustav Magnar Witzøe på lista over Noregs rikaste under 30.

Dei er døtrene til finansmann Johan H. Andresen. Alexandra og Katharina Gamlemshaug Andresen er femte og sjette generasjon eigarar i familieselskapet Ferd.

Familien eigde tidlegare Tiedemanns Tobaksfabrik, og Johan H. Andresen blir av og til omtalt som «tobakksarvingen». Familien selde seg ut av tobakksindustrien i 2005.

Alexandra Gamlemshaug Andresen står også oppført som innehavar av Evje Gård.

Alexandra, Johan H og Katharina Andresen

Johan H. Andresen og døtrene Alexandra (til venstre) og Katharina Andresen.

Foto: DAG KNUDSEN / Ferd

Etter dei kjem Norgesgruppen-arvingane Karl Edvard, Finn Hartvig og Peder Oskar Johannson. Dei har alle ei formue på rundt to milliarder kroner. Alle dei tre står oppført som styremedlem i kvart sitt investeringsselskap.

Nummer sju på lista er Knut Fredrik Natvig Aspelin. Han er son av Knut Gustaf Aspelin som er medeigar og styreleiar i eigedomsselskapet Aspelin Ramm. Natvig Aspelin er også registrert som styremedlem i fleire investeringsselskap.

Etter han kjem Christian Ringnes jr., som har ei formue på 747.705.406. Han er son av son av forretningsmannen og kunstsamlaren Christian Ringnes. Ringnes jr. står også oppført som dagleg leiar av selskapet Sporty App AS.

På dei to siste plassane kjem brørne Mathias og Henrik Varner. Dei er sønene til Marius Varner. Han er administrerande direktør i det familieeigde kleskonsernet Varner-Gruppen.

Varner består av motekjedene Bik Bok, Carlings, Cubus, Dressmann, Dressmann XL, Junkyard, Volt og Levi’s Store. Dei har butikkar i Noreg, Sverige, Finland, Danmark og Island.

Les også: Formueshopp for Haaland, Ødegaard og Solskjær

Haaland, Solskjær, Ødegaard
Haaland, Solskjær, Ødegaard

Les også: Rike skatteflyttere gjør nordmenn likere

Ole Gjems-Onstad, professor emeritus i skatterett ved Handelshøyskolen BI
Ole Gjems-Onstad, professor emeritus i skatterett ved Handelshøyskolen BI