Hopp til innhold

Politiet skal finne ut kvar ulukkesbåten gjekk

Politiet prøver no å finne ut kor høg fart ulukkesbåten i Haram hadde og kvar i leia han gjekk då ulukka hende fredag kveld.

Båtulykke Haram

TRE MISTA LIVET: Denne fritidsbåten med seks personar om bord forliste fredag kveld ved Lepsøyrevet i Haram. Tre personar mista livet i ulukka.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Tre personar omkom då fritidsbåten gjekk på grunn ved Lepsøyrevet fredag kveld. Lensmann i Haram, Øyvind Verpeide seier at dei no arbeider med å avhøyre vitne.

– Det er ein heilskap kvar båten har og kva fart han har heldt, seier Verpeide til NRK.

Leiter etter svar

Kva som er årsaka til at fritidsbåten gjekk på grunn ved Lepsøyrevet fredag kveld, arbeider politiet no for å få svar på. Ulukka skal ha skjedd utanfor den merkte skipsleia.

– Det første me vil vite er kva båten har treft og finne eit treffpunkt. Og sjå om skadane samsvarar med eit eventuelt treffpunkt som me finn.

– Kan du seier noko om fart, kva tankar du har om det?

– Det har eg ikkje noko informasjon om, eller kan seie noko om endå.

Men både kor høg farta var og om det er snakk om promillekøyring arbeider politiet for å få kartlagt. Lensmann Øyvind Verpeide seier dei held fram med å vitneavhøyr av dei involverte partar, andre vitne og dei overlevande

Båten inne til undersøking

Båten forlis Lepsøyrevet

TIL UNDERSØKING: Fritidsbåten på 23 fot vart dratt opp på land etter ulykka.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Båten vert òg undersøkt grundigare.

– Den er teke inn av politiet og sikra av oss for å kunne gjere vidare undersøkingar, fortel Verpeide.

– Er de åleine om etterforskinga eller har de med dykk havarikommisjonen?

– Statens Havarikommisjonen for transport er varsla om ulukka, men dei kjem ikkje til å gå inn i denne saka som gjeld ein fritidsbåt. Dette er eit ansvar som ligg til politiet, seier lensmannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL