Tre svært unge gutar berga seg i land

Då båten med tre unge gutar om bord kvelva på Romsdalsfjorden, var både observasjon, redningsvest og symjekunnskap viktig. Heldigvis gjekk alt bra, seier politiet.

Men det svært dramatisk til å byrje med. Politiet fekk inn ei melding om ein båt som hadde forsvunne under vatn klokka 13.45.

– Då vi sende patrulje til Rauma og Åndalsnes såg det ikkje ut som ein båt i byrjinga, for båten låg så djupt i vatnet, opplyser operasjonsleiar Jan-Erik Kjelle.

Politiet kom seg nærare, og på Veblungsnes såg dei tre unge gutar. Båten med ungdomane om bord hadde kvelva, men alle hadde klart å forlate båten og hadde sumt til land.

– Det var nokre hundre meter, og heldigvis er ingen av dei skadde på nokon måte, seier Kjelle.

Ikkje sjølvsagt

Dei tre gutane var i yngre ungdomsalder. Det var tre gutar, født i 1999, 2000 og 2001 som var i båten, opplyser politiet til NRK.

– Heldigvis gjekk det bra denne gongen, men det er ikkje sjølvsagt. Det er bra at folk er observante og melder ifrå.

Kjelle er klar på at utan observasjon, og utan tre symjedyktige karar, kunne pipa fått ein annan lyd.

– Alle hadde redningsvest og alle kunne symje. Vi konstaterte at det gjekk bra, og foreldra tok over. Denne situasjonen kunne ha gått mindre bra, slår Kjelle fast.

Grunnen til at båten til gutane kvelva var to større møtande bølgjer, fortel politiet.