I slike situasjonar skal det vere automatikk i at både brannvesen og AMK – og dermed helsepersonell – blir varsla umiddelbart.
AMK fekk ikkje melding
Klokka er 22.14 fredag 30. september. Politiet får melding om at ein fritidsbåt er gått på grunn ved Lepsøyrevet i Haram. Eit minutt seinare blir Hovudredningssentralen varsla.
– Vi fekk meldinga klokka 22.15, stadfestar dei til NRK.
Men så skjer det ein glipp. AMK-sentralen ved sjukehuset i Ålesund får ikkje meldinga. Ikkje før klokka 22.37. Då er det gått 23 minutt sidan politiet tok imot naudsamtalen.
Les også:
Stadfestar tidspunktet
Kommunikasjonssjefen i Helse Møre og Romsdal, Arnt Sommerlund, stadfestar tidspunktet til NRK.
– Vi har loggført at vi fekk ei melding til naudtelefon 113 klokka 22.37 fredag kveld til AMK ved Ålesund sjukehus, opplyser han.
Både politiet og Hovudredningssentralen stadfestar at dei fekk meldinga 22.14 og 22.15. Men Sommerlund vil ikkje seie noko om kor uvanleg det er at sjukehuset får beskjed så lenge etter.
– Det kan ikkje vi kommentere. Vi må forhalde oss til meldinga vi får inn på naudnummer 113, og så set vi i verk tiltak deretter, seier han.
Les også:
Vil ikkje kommentere
NRK har vore i kontakt med både politiet i Ålesund og Hovudredningssentralen for Sør Noreg for å få kommentarar til saka.
Det vil dei ikkje gi før i kontortida måndag. Men begge partar viser til den andre når det gjeld ansvaret for å varsle AMK.
3 personar omkom i ulykka på Lepsøyrevet. Ei vart hardt skadd. Det gjekk 23 minutt før sjukehuset og AMK vart varsla om at fleire menneske var i livsfare nokre nautiske mil unna.