Hopp til innhold

Båtforlis hamnar ikkje i retten

Statsadvokaten har bestemt seg for å legge vekk saka etter båtulykka på Lepsøyrevet i Haram 30. september. Tre personar omkom i forliset.

Søk etter omkomne lepsøyrevet forlis

FORLISTE: Fritidsbåten med seks personar om bord havarerte ved Lepsøyrevet på veg frå Ålesund til Haramsøya.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Årsaka til at statsadvokaten ikkje tar ut tiltale i saka, er at dei meiner båtføraren sjølv omkom i ulykka.

Seks personar om bord

Det var seks personar om bord då båten gjekk på grunn. Med mykje dramatikk klarte tre av dei å redde seg i land. Tre omkom.

Statsadvokaten meiner årsaka til ulykka var at båten vart ført ut av kurs og ut av leia, slik at han traff eit gammlat sjømerke ved Gamlemshaug.

Personen som politiet trur førte båten, var moderat påvirka av alkohol.

Les også: - Burde vore merka

Søk etter dødsulykke Haram

LEITEAKSJON: Det vart sett i gang søk etter ulykka i Haram. 3 personar vart funne omkomne i havet.

Foto: NRK

Ikkje overstadig

Politiadvokat Maria V. Vike seier politiet har bestemt seg for å ikkje gå ut med kor høg promille båtføraren hadde.

– Av omsyn til at han ikkje er her og kan forsvare seg, og av omsyn til dei andre som var i båten, vil vi ikkje gå ut med ei konkret promille.

Ho slår likevel fast at båtføraren ikkje hadde høg promille.

– Men vi har sagt at han hadde moderat pormille, med det meiner vi at den var over den lovlege grensa, men han var ikkje overstadig rusa, seier ho til NRK.

Les også: HRS tek sjølvkritikk etter båtulukke

Legg vekk saka

Saka blir no lagt bort, fordi han politiet meiner var båtførar, omkom i ulykka. Ingen av dei andre som var i båten vil bli straffeforfulgt.

– Saka blir lagt vekk. Vi meiner årsaka til at dei gjekk på grunn var at dei kom ut av kurs og støtte på eit gammalt sjømerke. I denne leia er det ikkje meininga det skal gå båtar, forklarar Vike.

Les også: Politiet skal finne ut kvar ulukkesbåten gjekk

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL