Hopp til innhold

Lastebåten er dratt av grunn

Lasteskipet «Maribo», som i natt gjekk på grunn ved Vartdal i Ørsta, er no slept av grunn.

"Maribo" på grunn ved Vartdal

«Maribo» ligg på grunn ved Vartdal, med taubåten «Bamse tug» klar til å slepe den av grunn. Biletet er teke frå Korshamn i Hjørungavåg onsdag formiddag.

Foto: Joar Ødegård

LAstebåt på grunn

Skipper ved redningsbåten Emmy Dyvi, Tom Kausangrød seier til NRK at båten deira var for liten til å taue vekk lasteskipet som gjekk på grunn ved Nordre Vartdal.

Foto: Emmy Dyvi

Lasteskipet «Maribo» som i natt grunnstøytte er no slept av grunn.

Vaktleiar i Kystverket, Steinar Giltnes, fortel at skipet no, ved eiga maskin, er på veg til Vartdal for skipstekniske undersøkingar.

– Lasteskipet har skadar på skroget men grunnstøytinga medførte ikkje forureiningar i området, seier Giltnes.

Veit ikkje årsaken til grunnstøytinga

Grunnstøytinga skjedde klokka 1.05 i natt. Det har så langt ikkje kome nokon opplysningar som kan forklare årsaka til grunnstøytinga. Skipet har segla langs austsida av Hareidlandet og har halde stø kurs rett mot land.

Hovudredningssentralen og politiet rykka ut då det fekk melding om hendinga, men avblåste aksjonen som redningsaksjon då det viste seg å ikkje ha blitt nokon personskadar.

Venta på høgvatn

Taubåten «Bamse tug» frå taubåtselskapet Buksér og Berging låg i Vartdalsfjorden, ikkje langt frå «Maribo». Operasjonsleiar Vetle Sverdrup i Buksér og Berging sa til NRK at dei ville undersøkje skadane på båten, og klokka 12:40 i formiddag drog dei båten av land.

Bamse tug

Taubåten «Bamse tug» ligg no ved havaristen.

Foto: Buksér og Berging

– Det er nok best å berre vente på flo sjø no, slik at ein kan få slept skipet av grunnen med minst mogleg skade, sa operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Sunnmøre politidistrikt tidlegare i dag.

Afrikanskregistrert båt

Lasteskipet er registrert i Togo, men trafikkdata frå MarineTraffic.com viser at skipet har gått meir eller mindre i fast rute på Sunnmøre, med Hareid og Ålesund som hamner.

Skipet har eit mannskap på seks personar, det stikk normalt 3,8 meter djupt, er 55 meter lang og 9 meter breitt.

Maribo

Maribo har gått på land på Vartdalsstranda. Skipet har runda Eltrane på Sula og følgt ein kurs langs austsida på Hareidlandet, og har gått rett mot fjøresteinane på Vartdalsstranda.

Foto: AIS / Marinetraffic