Hopp til innhold

Sjå klippa som ikkje kom med i «Den siste sabotøren»

Dokumentaren «Den siste sabotøren» sanka enorme sjåartal tysdag kveld. Her kan du sjå fleire klipp der krigshelten Joachim Rønneberg fortel om tungtvassaksjonen og oppveksten i Ålesund.

Dokumentaren «Den siste sabotøren» sanka enorme sjåartal tysdag kveld. Her kan du sjå fleire klipp der krigshelten Joachim Rønneberg fortel om tungtvassaksjonen og oppveksten i Ålesund.

Dette er klipp som ikkje kom med i dokumentaren om Joachim Rønneberg. Trykk deg gjerne fram og tilbake gjennom klippet for å sjå ulike kapittel.

Dokumentaren hadde 567 000 sjåarar i snitt, og var det mest sette programmet på dette tidspunktet tysdag kveld. Historia om tungtvassabotasjen på Vemork og leiaren Rønneberg har fanga mange den siste tida, og har vekka ei ny interesse for heltane frå andre verdskrig.

Joachim Rønneberg

95-åringen Joachim Rønneberg er den siste gjenlevande sabotøren. Her på bursdagen hans i august.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Dokumentaren varer i ein halvtime, og med Rønnebergs innhaldsrike liv er det vanskeleg å få plass til alt. I videovindauget over kan du sjå klippa som ikkje kom med.

Enorm interesse

Dokumentaren kom nok på eit passande tidspunkt. «Kampen om tungtvannet» har blitt møtt med strålande kritikkar av dei fleste norske meldarar, og har allereie blitt selt til fleire land. Då den fjerde episoden blei sendt søndag kveld slo serien sin eigen rekord med nesten 1,3 millionar sjåarar.

Rønneberg er den einaste attlevande sabotøren, og den einaste som kan fortelje korleis det eigentleg var natt til 28. februar i 1943 – då ni menn klivra seg oppover mot tungtvassfabrikken på Vemork med dynamitt i bagasjen.

Dokumentarskaparen

Frode Berg, bak dokumentaren Joachim Rønneberg - den siste sabotøren

NRK-journalist og mannen bak dokumentaren, Forde Berg, er nøgd med reaksjonane etter at «Den siste sabotøren» vart sendt tysdag kveld.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Tungtvassabotasjen er den mest kjende aksjonen under heile andre verdskrig, og det var nettopp difor Frode Berg valte å lage dokumentar om ålesundsmannen som leia soldatane til suksess.

Opptaket av «Joachim Rønneberg – den siste sabotøren» starta i juni. Etter fleire månader med hardt arbeid kan Berg og fotografen Brede Røsjø endeleg seie seg nøgde.

På klipperommet hos NRK fortel Berg at han har fått gode tilbakemeldingar. Det har kome inn masse gratulasjonar berre sidan i går kveld. Ein tredjedel av alle som i går såg på tv bestemte seg for å følgje Rønneberg.

Mange har fortalt til Berg at dei er imponerte over innsatsen til Rønneberg under krigen. Men kanskje mest av alt har folk merka seg dei etiske vurderingane han gjorde i vanskelege situasjonar. Møtet med reinjegeren på Hardangervidda skil seg spesielt ut.

– Kva var høgdepunktet under innspelinga?

– Det var nok då vi var med Joachim og barnebarna hans tilbake til Vemork. Han er knytt til plassen, og eg trur at han likar seg der, seier dokumentarskaparen.

Frode Berg redigerer Den siste sabotøren

Frode Berg og Brede Røsjø har arbeidd med dokumentaren sidan juni, i tillegg til den vanlege jobben som journalist.

Foto: Lena Høyberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL