Hopp til innhold

Overraskande funn: Rønneberg ville gjennomføre ny tungtvassaksjon

Eit brev i den nyleg frigitte personalmappa til Joachim Rønneberg viser at krigshelten ønskte å gjennomføre ein andre tungtvassaksjon i 1943. – Veldig spesielt og overraskande, seier ekspertane om funnet.

Joachim Rønneberg er død

DØYDDE 21. OKTOBER: Krigshelten Joachim Rønneberg levde heilt til han vart 99 år. For knappe to veker sidan døydde han heime i Ålesund. Rønneberg leia Tungtvassaksjonen i 1943, den mest berømte sabotasjeaksjonen under andre verdskrig.

Foto: Marte Christensen / NTB scanpix

I etterkant av at Joachim Rønneberg døydde 21. oktober fekk historikaren og forfattaren Asgeir Ueland tak i personalmappa til krigshelten frå Sunnmøre i det britiske nasjonalarkivet.

I mappa ligg eit brev datert 12. august 1943 sendt til oberst John Skinner Wilson. Rønneberg skriv at han var villig til å gjennomføre ein ny tungtvassaksjon, seks månader etter den berømte aksjonen i februar.

– Eg veit vennene mine vil vere forplikta til å spele vaktene på Vemork eit nytt puss, skreiv Rønneberg.

– Forsvarsvilje utan sidestykke

Joachim Rønneberg i 1990

TUNGTVASSAKSJONEN: Joachim Rønneberg tilbake på Vemork i 1990.

Foto: Bjørn Berg / SCANPIX

Rønneberg var nemleg ikkje sikker på at dei hadde gjort store nok skadar i den legendariske aksjonen i februar då dei sprengde anlegget på Vemork i Rjukan.

Dette anlegget var svært viktig for tyskarane sin eventuelle produksjon av atomvåpen.

– Funna er overraskande. Samtidig er det ikkje så uventa at Rønneberg gjekk med slike tankar, seier Asgeir Ueland til NRK.

Han skreiv først om dei nye opplysningane i ein artikkel på Forsvarets Forum.

Asgeir Ueland

– HEIDERSMANN: Asgeir Ueland fekk tilgang til Joachim Rønneberg si personlege mappe i Storbritannia. Ueland seier at heile mappa – og altså ikkje berre brevet om ein mogleg andre tungtvassaksjon – seier mykje om kor stor Joachim Rønneberg var som person. – Rønneberg var ein person som brydde seg om folk. Han kjøpte røyk til andre sjølv om han ikkje røykte sjølv. Han jobba mykje med å teste utstyr. Og han bad personleg om å bli degradert frå løytnant til meinig. Det seier mykje om heidersmannen Joachim Rønneberg, meiner Ueland.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Runar Lia, direktør for Norsk industriarbeidermuseum, kallar dei nye opplysningane både spesielle og spennande.

– Dette er ny informasjon. Men det seier veldig mykje om personen Joachim Rønneberg. Han hadde ein forsvarsvilje som var heilt utan sidestykke, seier Lia.

Biografen: – Overraskande

Runar Lia

– UTRULEG SPESIELT: Runar Lia, direktør for Norsk industriarbeidermuseum, meiner dei nye opplysningane er heilt spesielle.

Foto: Petter Melsom / NRK

Forfattaren og journalisten Gunnar Myklebust gav ut ei bok om Joachim Rønneberg i 2011. Han seier at ein andre tungtvassaksjon aldri var eit tema i dei mange samtalane dei hadde i arbeidet med boka.

– Ja, eg er for så vidt overraska over desse opplysningane. Eg hadde aldri tilgang til mappa då eg skreiv boka, seier Myklebust.

Og legg til at Joachim Rønneberg aldri hadde for vane å framheve seg sjølv.

Gunnar Myklebust intervjuar Ragnar Ulstein

BIOGRAF: Gunnar Myklebust gav ut ei bok om Joachim Rønneberg i 2011. Her er Myklebust fotografert saman med ein av dei andre medlemmane i Kompani Linge, Ragnar Ulstein – som no er 98 år.

Foto: Arne Flatin / NRK

Inga tysk atombombe

Det vart ingenting av Rønneberg sine planar om ein andre tungtvassaksjon. Ifølgje Asgeir Ueland sat den britiske etterretningstenesta på opplysingar Rønneberg ikkje hadde.

– Tyskland hadde skjerpa vakthaldet ved anlegget på Vemork, mellom anna med hundar og miner. Britane konkluderte derfor med at dei måtte gå annleis til verks, seier Ueland.

Siv Jensen talte under bisettinga til Joachim Rønneberg

BISETTING: Finansminister Siv Jensen representerte regjeringa under bisettinga av Joachim Rønneberg tysdag denne veka.

Foto: Staale Wattø / NTB scanpix

Eit par månader etter Tungtvassaksjonen kom produksjonen nemleg i gang igjen. I november sette amerikanarane i sving 143 bombefly mot anlegget på Vemork. Aksjonen vart berre rekna som delvis vellykka. Produksjonen vart likevel stoppa for ei stund. Og det vart aldri nokon tyske atombomber under andre verdskrig.

– Bombinga 16. november hadde neppe skjedd om Rønneberg hadde sett i gang ein andre tungvassaksjon, seier Runar Lia.

NRK har vore i kontakt med familien til Joachim Rønneberg, som ikkje ønskjer å kommentere dei nye opplysingane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL