Hopp til innhold

– Joachim Rønneberg var ein ekte helt som var villig til å ofre alt for oss

I dag tok familie, vener og offisielle representantar eit siste farvel med Joachim Rønneberg. – Han likte ikkje å bli kalla krigshelt, men det er akkurat det han var, sa finansminister Siv Jensen.

Siv Jensen talte under bisettinga til Joachim Rønneberg

Finansminister Siv Jensen sa at Joachim Rønneberg var ein helt, som sette andre framfor seg sjølv.

Foto: Staale Wattø / NTB scanpix

Borgund kyrkje i Ålesund var fullsett då krigshelten Joachim Rønneberg (99) i dag vart bisett. Rønneberg sovna stille inn natt til 21. oktober. Han vart bisett på statens rekning i kyrkja med vakre blomar og norske flagg. Blant gjestane var Kronprins Haakon, finansminister Siv Jensen, forsvarssjef Hakon Bruun-Hanssen og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

– Å oppsummere livet til Joachim er umogleg, innleia prest Arvid Helle.

Planla ikkje å bli soldat

Joachim starta på sitt hundre år då han døydde. Då den fjellglade og naturglade Rønneberg var ungdom, såg han aldri for seg å bli soldat. Han var landmålar, men då kameratane vart kalla inn til teneste og han såg krigens sorg og herjingar, kom ein ny glød. Han ville gjere sitt og rømte til England og vart ein del av motstandsrørsla.

I ettertid er Joachim Rønneberg kjent for innsatsen sin under 2. verdskrig, og vert rekna som ein av dei store motstandsmennene frå Noreg. Han leia gruppa Gunnerside som sprengde tungvassanlegget på Vemork i Rjukan i 1943. Dette er ein av dei mest berømte sabotasjeaksjonane under andre verdskrig. Tungtvatnet var av stor betydning for tysk atomforsking.

Kronprins Haakon ankommer bisettelsen til Joachim Rønneberg

Kronprins Haakon var til stades under bisettinga.

Foto: Staale Wattø / NTB scanpix

Var ein heilt

– I Joachim Rønneberg hadde dykk ein far, bestefar og oldefar, men mange andre langt utanfor Noregs grenser, hadde også eit forhold til han. Vi tar farvel med eit menneske heilt utanom det vanlege. Han ville ikkje bli kalla helt, men det var akkurat det han var, sa finansminister Siv Jensen, som representant for regjeringa. Ho sa at Rønneberg er ein heilt som sette andre framfor seg sjølv, heile livet.

I mange år etter krigen ville ikkje Rønneberg snakke om det han opplevde, men han fann etter kvart ut at det var viktig at ungdommen fekk høyre, slik at historiene ikkje vart gløymt. Tusenvis av ungdommar og krigskadettar har fått høyre Rønneberg fortelje om 2. verdskrig og kampen mot diktatur.

– I dag skal vi minnast ein ekte helt. Ein som var villig til ofre alt for oss, for vårt demokrati, vår tryggleik og fridom, sa Jensen.

Rønneberg

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen sa at Joachim Rønneberg har sett varige spor etter seg.

Foto: Staale Wattø / NTB scanpix

Inspirasjon for Forsvaret

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen sa at Joachim Rønneberg har sett tydelege og varige spor etter seg. Han var ein patriot, heilstøypt offiser og forsvarsvenn. Han karakteriserte Rønneberg som eit varmt og reflektert menneske og usedvanleg audmjuk når det gjald han sjølv. Han var alltid oppteken av å fremme andre sin innsats.

– Joachim var ein inspirasjon for heile forsvaret, ikkje berre spesialstyrkane. Han var eit levande historisk førebilete, sa Bruun-Hanssen.

Han takka for innsatsen og kloke bidrag til oppveksande generasjonar. Tungvassaksjonen har blitt studert av spesialstyrkar i inn- og utland, nytta i undervisning på krigsskulane og har blitt filmatisert fleire gongar.

Sonen til Rønneberg

Sonen Jostein Rønneberg hadde mange gode minner frå barndommen. Han heldt ein minnetale i gravferda.

Foto: Staale Wattø / NTB scanpix

Minnast ein kjærleg far

Også familien heldt minnetale over Rønneberg. Sonen Jostein Rønneberg minnast ein god barndom med mange turar i båt og i sunnmørsnaturen.

– Han var mild og snill. Han var totalt usnobbete, nøysam og beskjeden, men trygg på seg sjølv, sa Jostein Rønneberg. Sonen trakk også fram farens engasjement for Forsvaret. Også to av barnebarna heldt tale ved kista. Dei beskreiv ein kreativ bestefar som brukte mormors hårnål for å dirke opp låsen.

– Vi barnebarna kunne spøke med at du var ei blanding av MacGyver og Petter Smart. Når du var på tur hadde du alltid med noko som kunne komme til nytte i sekken, sa barnebarnet, Kristin Rønneberg Samuelsen.

Fleire andre heidra minnet til Joachim Rønneberg. Også kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen, representantar frå turistforeinga, Ålesund skiklubb, Ålesund kommune, Norddal kommune og Lingeklubben heldt tale.

Sjå gravferda her:

Joachim Rønneberg var født 30. august 1919. Ålesunderen var en norsk motstandsmann som i årene 1941–1945 var medlem av Kompani Linge. Han er mest kjent for å ha ledet tungtvannsaksjonen på Vemork i februar 1943.

Joachim Rønneberg var født 30. august 1919. Ålesunderen var en norsk motstandsmann som i årene 1941–1945 var medlem av Kompani Linge. Han er mest kjent for å ha ledet tungtvannsaksjonen på Vemork i februar 1943.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL