NRK Meny
Normal

Siv Jensen måtte gjere vendereis

Finansminister Siv Jensen (Frp) skulle i fleire møte, men flyet hennar måtte gje opp i skoddehavet over Nordmøre og Romsdal.

Tåken lå som et lokk over Molde onsdag morgen

SJÅ VIDEOEN: Skodda ligg tett over delar av fylket onsdag føremiddag. Fotograf: NRK/Roar Strøm.

Finansministeren skulle eigentleg lande klokka 8.55 i Kristiansund, men den tette tåka gjorde at flyet måtte returnere til Oslo. Fem fly er no innstilte i Molde, og det same gjeld for to avgangar i Kristiansund.

Måtte returnere

Siv Jensen

Finansminister Siv Jensen skulle i fleire møte i Møre og Romsdal onsdag. Skodda gjorde at flyet hennar ikkje fekk lande.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Dagen var tettpakka med møter på Vestbase i Kristiansund, på fylkeshuset i Molde og med Helse Møre og Romsdal i Ålesund.

Dei to førstnemde møta er allereie kansellerte, medan det framleis er eit ørlite håp for at møtet i Ålesund kan gå av stabelen, seier fylkespolitikar Frank Sve (Frp).

– Flyet hennar landar i Oslo om lag klokka 11.15. Det blir snart teke ei avgjersle på om det vil fly opp til Ålesund igjen, men eg ser på det som lite sannsynleg, seier han til NRK i 10.30-tida.

– Kva synest du om at skodda øydela for ministerbesøket?

– Det er ikkje stort ein kan gjere når skodda er så tett som no, seier Sve og legg til at dei vil prøve å få til nye datoar for besøket så raskt som råd.

Langvarig tåketrøbbel

Tjukk skodde på Nordmøre

Skodda låg tjukt på Nordmøre i morgontimane onsdag.

Foto: Roar Halten / NRK

Tåketrøbbelet begynte i Ålesund tysdag kveld, og gjorde at fleire fly ikkje fekk lande.

– I Ålesund vart eit KLM-fly ståande att over natta, men kom seg av garde klokka 06.40, fortel stasjonssjef Espen Molvær til NRK.

Eit SAS-fly, som skulle til Oslo klokka 07, var ikkje like heldig og vart innstilt.

Eit tomt Norwegian-fly, som skulle ha gått klokka 07, sleit med å lande og vart liggjande å sirkle. Avgangen vart ikkje innstilt med det første, men måtte etter kvart tilbake til Oslo for å fylle drivstoff.

Forseinkingar

Passasjerar bookar om billettane sine på Vigra

Fleire flypassasjerar må booke om billettane sine på grunn av innstillingar. Her frå flyplassen i Ålesund.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Enkelte ruter har no opp mot ein halvtimes forseinkingar på grunn av skodda.

– Eg vil oppmode reisande til å kome til flyplassen som elles, sa stasjonssjef Espen Molvær til NRK i 09-tida. Han legg til at skodde er eit usikkert vêrfenomen som kan forsvinne like fort som ho kjem.

I 10-tida var det endeleg skoddefritt i Ålesund.