Hopp til innhold

Skodde skaper flytrøbbel

Tjukk skodde skaper store vanskar for flytrafikken på flyplassen på Vigra tysdag kveld.

Ålesund lufthamn, Vigra

Arkivfoto. Skodda kom brått og skapte vanskar for reisande til og frå Vigra tysdag kveld.

Foto: Terje Reite (NRK)

Seint tysdag kveld er det fleire fly som ikkje har fått lande på flyplassen.

Årsaka er at det ikkje er landingsforhold på grunn av tjukk skodde, det opplyser Avinor.

Må vente til i morgon

Både SAS, Norwegian og KLM har fly til Vigra seint tysdag kveld ifølgje Avinor sine nettsider.

To avgangar til Oslo er kansellerte fordi flya ikkje har kome inn og mange passasjerar må truleg vente til i morgon før dei får reise.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL