– Vil merke reinsinga
Alt er dermed klart for den offisielle markeringa av ombygginga som kronprins Haakon skal vere med på den 4.november.
Også dei som bur i Sunndal kjem til å merke den nye reinseteknologien, seier informasjonssjef ved Hydro Sunndal, Jon Kristian Schnell.
Dobla produksjon
Hydro Sunndal (Foto: Hydro)
Hydro Sunndal er eit av lokomotiva i norsk indutri. Aluminiumsverket omset for ein milliard kroner i kvartalet. Dei siste to åra har produksjonen ved verket vorte dobla og inntektene strøymer inn.
Seks milliardar investert
Men aluminumsproduksjon er kostnadskrevjande og forureinande. Dei siste fire år har Hydro investert seks millardar kroner for å tilpasse bedrifta den framtidige produksjonen. Berre dette siste renseanlegget har kosta 280 millionar kroner.