Hopp til innhold

Sindre (23) fekk fyrverkeri i fleisen – vernebrillene berga truleg synet

Tjuetreåringen trudde han blei blind etter å ha fått ein rakett rett imot. Fleire stader blir det no vurdert forbod etter kaotiske fyrverkeritilstandar.

Sindre Fiske, fekk augeskadar på nyttårsaften. Brukte vernebriller.

Slik såg Sindre Fiske ut etter å ha fått ein rakett rett i ansiktet nyttårsaftan.

Foto: Privat

Du har høyrt det før. Fleire stader går fyll og fyrverkeri over til å bli ein slagmark kvar nyttårsaftan.

I Bergen fekk politi og brannvesenet svært mykje å gjere på grunn av uvettug bruk av fyrverkeri. I Vennesla blei to sendt til sjukehus etter at heimelaga fyrverkeri gjekk av i ein garasje. Totalt i landet fekk ti personar augeskadar.

I Surnadal på Nordmøre nærma det seg midnatt på nyttårsaftan då Sindre Fiske og kameratane gjekk bort til ei rundkøyring i Surnadal der folk pleier å samle seg. Då gjorde Fiske eit veldig viktig val.

– Då vi gjekk ut døra så spurte kompisen min om eg hadde vernebriller. Då gjekk eg inn og fekk med meg det, seier Sindre Fiske.

Det var Driva som skreiv om saka først.

Small i ansiktet

På plassen bestemte dei seg fort for å halde avstand. Han synest det var mykje aktlaus bruk av fyrverkeri.

– Det var heilt texas og mange villbassar som fór og fyrte fyrverkeri både på kryss og tvers i rundkøyringa. Vi trekte oss litt unna og stod og prata. Plutseleg så small det i ansiktet på meg.

Tjuetreåringen forstod først ikkje kva som skjedde, men ein rakett gjekk rett mot auga. Eller rett på vernebrillene han så vidt fekk plukka med seg.

– Det kjendest ut som auget spratt ut og eksploderte. Eg blei sittande, heldt meg for ansiktet og tenkte «no er eg blind». Eg blei ganske redd og irritert på at folk kan halde på sånn med fyrverkeri, seier Fiske.

Fyrverkeri i Trondheim 2022-2023

Fyrverkeri samlar millionar av nordmenn kvar nyttårsaftan.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Vernebrillene berga synet

Fiske blei tatt godt vare på av kameratar og politi, før han blei sendt til sjukehus i Trondheim. Der tok han ein synstest, og då blei han letta.

– Dei meinte at synet var berga, og at det var på grunn av vernebrillene. Utan dei hadde eg mest sannsynleg blitt blind, seier Fiske. Han har likevel framleis store smertar i auga og skal på ny undersøking tysdag.

Totalt fekk ti personar augeskadar i samband med nyttårsaftan. Sindre Fiske var den einaste av dei som brukte vernebriller, ifølgje ei oversikt frå Haukeland universitetssjukehus.

Sindre Fiske

Sindre Fiske var tilbake på St. Olavs hospital tysdag for ein ny sjekk. Tilbakemeldinga frå augelegen var positiv.

Foto: Privat

Vurderer fyrverkeriforbod

No vil dei diskutere fyrverkeriforbod både i Surnadal og Bergen.

I Bergen har fyrverkeri kome på dagsorden etter at Vest politidistrikt melde om «ei særdeles travel natt» på Twitter/X. Uvettig bruk av fyrverkeri var noko av det som gjekk igjen, melde dei.

Allereie første nyttårsdag gav politimeister i Vest politidistrikt Kåre Songstad klar beskjed om kva han syntest om scenane som fann stad i Bergen.

– Dette var ikkje greitt. Tenkjer vi skal ha oss ein prat med brannsjefen no på nyåret og diskutere kva vi skal gjere med dette framover, melde Songstad på Twitter/X.

Skjermdump frå Twitter/X. 01.12. skreiv politimeister Kåre Songstad: "Nei. Dette var ikke greit. Tenker vi skal ha oss en prat med brannsjefen nå på nyåret og diskutere hva vi bør gjøre med dette fremover."

Skjermdump frå X.

Byråd i Bergen, Christine Kahrs, seier dei vil vurdere å utvide forbodssona for fyrverkeri.

– Me er i dialog med politiet og brannvesenet, og tenkjer òg å snakke med legevakta, slik at me kan sjå på viktige tiltak.

Også i Surnadal vil dei diskutere forbod. Ordførar Hugo Pedersen, (Sp) ser svært alvorleg på saka etter at 23-åringen blei skadd. Han trudde ikkje situasjonen med nyttårsfeiringa var så ille, og synest det er heilt uakseptabelt.

– Hendinga i Surnadal forferda meg. Eg er bekymra og lettare sjokkert, og håpar inderleg det går bra med han som er skada, seier Pedersen.

Hugo Pedersen, politiker for Senterpartiet i Surnadal

Ordførar Hugo Pedersen i Surnadal reagerer sterkt på den uvettuge rakettoppskytinga.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Surnadal kommune er einige med politiet om å ta opp temaet i politirådet om ei veke, og dei vil setje ned ei arbeidsgruppe for å sjå på korleis få til ei trygg feiring.

– Ei sånn feiring skal ikkje få lov til å gjenta seg. Kanskje må vi vurdere å ha ei organisert oppskyting. Vi skal diskutere forbod. Eg har ikkje fasiten, men eg vil ikkje at befolkninga skal risikere liv og helse, seier Pedersen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL