Tysdag annonserte Mercedes-Benz at dei frå i sommar vil ta i bruk den nye aluminiumslegeringa som ledd i å «avkarbonisere heile forsyningskjeda».
I ei pressemelding omtaler selskapet det som «ein milepæl» og eit «viktig signal for å akselerere endringstakten i aluminiumsindustrien».
Legeringa blir levert som støypeblokker, som sidan vert smelta om til bildelar ved Mercedes-fabrikken i Stuttgart. I alt kan elektriske bilar innehalde meir enn 700 kilo aluminium.
– Her leverer Årdal på det viktigaste i det grøne skiftet. Eg er utruleg stolt, seier Hilmar Høl (Ap), som er ordførar i kommunen.
(Les fleire reaksjonar på nyheita under.)
Hydro-leiaren kallar interessa frå bilindustrien for eit «nytt industrieventyr» for hjørnesteinsbedrifta inst i Sogn
Foto: Erik Johansen / NTB scanpix– Eit nytt industrieventyr
Til liks med resten av bilbransjen jaktar Mercedes-Benz på lettare materiale for å redusere vekta til elbilar utan at det går på kostnad av tryggleiken.
Den nye legeringa inneheld 25 prosent resirkulerte aluminium, og har eit karbonfotavtrykk som er 70 prosent mindre enn det europeiske gjennomsnittet.
Partane har også vorte samde om eit vegkart som tek sikte på å utvikle heilt karbonfri aluminium innan 2030.
– Det er ei fantastisk anerkjenning at dei vel låg-karbon aluminium frå oss, seier Wenche Eldegard, som er fabrikksjef ved Hydro Årdal.
Aluminium frå Hydro har også fått merksemd frå Porsche og Polestar.
Eldegard kallar interessa frå bilindustrien for eit «nytt industrieventyr» for hjørnesteinsbedrifta inst i Sogn.
– Vi opplever i stadig større grad at industrien tek kontakt og spør etter lavkarbon-aluminium. Dette har endra seg markant det siste året.
Norsk Hydro har mål om å redusere CO2-utsleppa sine med 30 prosent innan 2030.
Til liks med resten av bilbransjen jaktar Mercedes-Benz' på lettare materiale for å redusere vekta til elbilar utan at det går på kostnad av tryggleiken.
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen– Håpar rammevilkåra blir lagt til rette
Leiar i Årdal Kjemiske Fagforening (ÅKF), Torleif Sand, seier til NRK at kontrakten er viktig for både bedrifta og «miljøet elles i verda» og at dei er stolte over å få bidra.
– No håpar vi berre at rammevilkåra blir lagt til rette for å utvikle den reinaste legeringa i verda vidare her i Noreg, seier han.
I statsbudsjettet for 2023 la regjeringa inn eit «kvoteprisgolv» for å kutte i CO2-kompensasjonen til norsk industri.
– Med dette forslaget kan ordninga stå seg i ei tid med strammare økonomisk handlingsrom, forklarte klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).
Den viktigaste grunngivinga for CO2-kompensasjon er å motverke såkalla karbonlekkasje, altså at kraftkrevjande industri forlèt EU- og EØS-området til fordel for ikkje-europeiske land som ikkje fører like streng klimapolitikk.
Til gjengjeld får Norsk Hydro cirka 18 milliardar kroner ekstra i støtte frå staten fram mot 2030 som følgje av ei ny EU-ordning som premierer selskap med «eigenkraft».
Regjeringa stritta imot og karakteriserte det som «ein uklok gåvepakke», men gav etter då ESA (Eftas overvakingsorgan) varsla at norsk industri alternativt ville bli ståande utan CO2-kompensasjon i ein lengre periode.
– Det er ei fantastisk anerkjenning at dei vel låg-karbon aluminium frå oss, seier Wenche Eldegard, som er fabrikksjef ved Hydro Årdal.
Foto: Sondre Dalaker / NRK