Hopp til innhold

Solevåg tok med alpinlegende på gutetur

I helga har Sebastian Foss Solevåg feira vinterens gull med gutetur saman med lagkameratar og Lasse Kjus. I dag startar oppkøyringa til OL.

Kjus og Solevåg

Lasse Kjus og Sebastian Foss Solevåg på gutetur på Sunnmøre.

Foto: Eric Ellioth Kvamsdahl

Då Sebastian Foss Solevåg (29) frå Ålesund sikra Noregs første VM-gull i slalåm på 24 år i vinter var han så glad at han gret.

Først no har gullguten fått tid til å feire gullet. Det skjedde i helga med ein real gutetur på Sunnmøre saman med lagkompisar og støtteapparat. Og forma er inne. Det fekk han vist då han tok med gjengen på 10 timars topptur i bratte sunnmørsalpar.

– Sebastian jogga opp og cruisa ned, seier ein imponert Lasse Kjus. Han kom til feiringa i eige småfly.

Og Sebastian er også overraska over Kjus på randoneetur.

– Lasse overraska positivt. Lett gaselle, vil eg seie, ler Solevåg.

I helga inviterte Sebastian Foss Solevåg alpineliten til Sunnmøre på hurratur for å feire vinterens to gull.

Alpingutta dro på topptur i Trandalen på Sunnmøre.

Satsar mot OL

Det har ikkje vore strake vegen til gull for Sebastian Foss Solevåg. I mange sesongar var han kjent for å vere ustabil og han hadde mange utforkøyringar.

I januar tok han sin første verdscupsiger, så blei det VM-gull i lagkonkurransen i parallellstorslalåm. Og på VMs siste dag toppa Solevåg det heile med Noregs fyrste VM-gull i slalåm på 24 år.

No satsar han for fullt mot OL og slalåmcupen. Den står aller høgst.

– Slalåmcupen viser at ein er god gjennom heile sesongen. Ein er ein betre slalåmløpar når ein vinn cupen enn «berre» eit OL-gull. Men i år vil eg vinne begge deler, smiler Solevåg.

Meistermøte

På golbana var det meistermøte mellom Karsten Gefle, Sebastian Foss Solevåg, Atle Lie McGrath, Lucas Braathen og Lasse Kjus.

Foto: Jan Erik Finsæther / Jan Erik Finsæther

Sein blomstring

Lasse Kjus tok sitt fyrste VM-gull som 22-åring. Solevåg derimot blei 29 år før han fekk stå på toppen av pallen i eit VM. Han tenker at alder ikkje har noko betydning og han har tenkt å halde på i mange år til.

– Det er betre å blomstre enn å aldri blomstre. Motivasjonen er der og eg held på så lenge eg kan, seier Solevåg. Draumen er at Narvik skal få arrangere VM i 2027. Då vil han avslutte karrieren der.

Kjus trur heller ikkje alder vil vere noko hinder for Solevåg framover.

– Det største problemet med alpint er å overleve alle skadane, seier Kjus.

Sebastian Foss Solevåg og Lasse Kjus

Sebastian vart ovveraska med gullkake i helga.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Tilbake frå skader

To som veit mykje om skader er Atle Lie McGrath og Lucas Braathen. Dei deltok ikkje i VM, men var ute med langtidsskadar.

McGrath har hatt sine første dagar på ski og er så å seie friskmeldt.

– Eg skal aldri meir sjå på ein dag på ski som dårleg meir. Det er mykje verre å sitje heime og ikkje få halde på med det ein vil, seier McGrath

For Lucas Braathen ser det også lyst ut og målet er å vere med på felles skitreningar frå august.

Tips frå gamle ørn

Helga med golf, ribbåt, ski og bading i fjorden motiverer landslagskompisane. Måndag startar hardkøyret med oppkøyring til OL-sesongen.

Og Kjus har villig delt av sine erfaringar.

– Eg har fått nokre småtips frå han gamle ørna, så vi er klar for gull neste år, seier Solevåg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL