Hopp til innhold

– Toget har ikkje gått for Nordmøre

Medan både Ålesund og Molde blir større, står Nordmøre utan ein samlande storkommune. Kommunalministeren meiner det ikkje er for seint for Nordmøre.

Jan Tore Sanner

Jan Tore Sanner (H) møtte seniorar som lærer å surfe på nett i dag. Dei var opptekne av kommunesamanslåing.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Onsdag var Kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner (H), på besøk på eit datatreff for seniorar i Kristiansund. Det dei eldre var mest opptekne av var kommunereforma. På Nordmøre har berre to kommunar vald å slå seg saman, og det med to kommunar utanfor regionen. Halsa søker mot Hemne og Eide til Fræna. Dermed blir Nordmøre ståande utan ein samlande storkommune.

– Det trur eg er svært uheldig. Kjøttvekta rår. Kristiansund blir ein liten kommune og blir kanskje ikkje tilgodesett når det gjeld offentlege arbeidsplassar og tildeling av midlar, seier Finn Backer. Han er dagleg leiar i Kristiansund og Nordmøre næringsforum.

Finn Backer

Finn Backer i Kristiansund og Nordmøre næringsforum meiner det er uheldig at Ålesund og Molde vert større, og ikkje Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

To store senter

Ålesund veks kraftig når dei går saman med Ørskog, Skodje, Sandøy og Haram. Sistnemnde er foreslått tvangssamanslått i stor-Ålesund av regjeringa. Også Molde blir større med Midsund og Nesset på laget.

Denne skeivheita i fylket er ikkje noko regjeringa vil sjå på, ifylgje Sanner.

– Vi går ikkje inn og gjer ei vurdering av balansen i eit fylke. Det må skje i dei lokale prosessane, seier Sanner.

LES OGSÅ:

Toget har ikkje gått

Alle landets kommunar vart inviterte til å starte samanslåingsprosessen hausten 2014. I februar i år vart det klart at regjeringspartia hadde forhandla fram ein avtale om å redusere talet på kommunar frå 428 til 358. Den første samanslåinga skjer i 2020, men Sanner understrekar at toget ikkje har gått.

– Det er framleis moglegheit å bygge nye kommunar på Nordmøre, seier Sanner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL