Hopp til innhold

Fylkesmannen skuffa over Nordmøre

– Nordmøre kjem heilt i bakleksa, seier Fylkesmann Lodve Solholm, som er skuffa over at ikkje Kristiansund og fleire nordmørskommunar vil slå seg saman.

Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm meiner at det ville styrke Kristiansund å slå seg saman med nabokommunar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Av dei tre store byane i Møre og Romsdal er det berre Ålesund og Molde som går sammen med naboar og blir større. Kristiansund blir ståande åleine og det skuffar fylkesmann Lodve Solholm.

– Det har ikkje lykkast på Nordmøre.

– Synd at Nordmøre kjem bakpå

Kommunereformen har krevd mykje av arbeidsåret til fylkesmannen og onsdag la Solholm fram årsrapporten om tilstanden i fylket.

Han ser på Molde, Ålesund og Kristiansund som regionsenter i Møre og Romsdal, som skal stå opp imot trykket frå Oslo, Bergen og Trondheim.

– Då er det viktig at vi styrkar desse regionsentera som motorar i Møre og Romsdal. No når Molde og Ålesund har auka folketalet sitt og blir større og sterkare, så synast eg det er leitt at Kristiansund blir ståande åleine.

– Då er eg litt redd for at Nordmøre kjem litt bakpå og det er synd.

– Må styrke Kristiansund som regionsenter

Fylkesmann Lodve Solholm trur på eit sterkt samla fylke og er godt nøgd med at 13 kommunar i fylket vil gå saman, men er bekymra over manglande samanslåingar på Nordmøre.

– Ja, dei får ikkje det trøkket som skal til. Møre og Romsdal skal framstå som ein eigen region. Då hadde det vore betre om ein hadde fått nokre kommunesamanslåingar på Nordmøre også, som styrkar Kristiansund som regionssenter.

Kartet er ikkje ferdig teikna og fleire nordmørskommunar vil til Trøndelag, men det er politikk som fylkesmannen er forsiktig med å ha meningar om.

– Eg er oppteken av at vi skal bygge Møre og Romsdal. Eg som Fylkesmann vil vere med på å gjere Møre og Romsdal til ein sterk region i samarbeidet med kommunane, fylkeskommunen og andre aktørar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL